NRK Meny

Uro ved utestader i Molde

I 23-tida i går blei ein mann i midten av 20-åra sett i fyllearresten i Molde. Mannen var uønskt på utestaden han var på. Ein time seinare blei ein annan mann på same alder og i same by innbrakt. Han hadde slått ei vakt og sparka også etter politiet. Ein tredje mann i same alder blei litt seinare beden om å halde seg vekke frå ein restaurant i Molde sentrum. Ei rusa kvinne i 30-åra blei tatt vare på av vakter før politiet i Molde tok over. Like før klokka 03 måtte dei også gripe inn i ein slåsskamp ved ein utestad aust i Molde sentrum.