Uro over endra gytemønster

Havfiskeflåtens organisasjon Fiskebåt er uroa over at det blir lagt til rette for oljeverksemd ved viktige gytefelt. Mellom anna gjeld det Mørebankane, som er viktig for vårgytande sild, samt torsk, hyse og sei. Uroa skuldast ny informasjon om konsekvensane seismikk, elektro-magnetiske undersøkingar og undersjøiske sprengingar har på gytemønsteret.