Uro og rus i Kristiansund

I Kristiansund blei eit ektepar i 50-åra bortvist frå sentrum på grunn av ordensuro. Mannen blir dessutan meldt for å ha nekta å oppgi personalia. I same by kom dessutan politiet over ei kvinne i tenåra som var overstadig rusa og ikkje i stand til å ta vare på seg sjølv. Ho blei sett i arresten.