Urimeleg om skredsikring?

Stranda kommune gløymde å søkje om pengar til skredsikring i tide, seier statssekretær. - Heilt urimeleg! svarar ordføraren.

Åkernesremna
Foto: NRK

I statsbudsjettet som blir lagt fram fredag er det sett av ti millionar kroner til skredovervaking i Storfjorden i 2007. Stranda kommune meiner behovet er 40 millionar kroner.

For seint

 - Dette visste ikkje departementet før budsjettarbeidet var avslutta, seier statssekretær Ola T. Heggem i Landbruksdepartementet. Han hevdar kommunen søkte om pengar for seint, og legg til: - Eg er overraska over at ein ikkje ville ha ein dialog med dei som skal betale gildet dersom ein såg konturane av at utgiftene ville auke frå 10 til 40 millionar kroner.

Heggem minner også om eit møte mellom Stranda kommune og departementet i fjor haust: - Ordførar Sve vedgjekk at søknaden var for seint ute då - no skjer det same i år, seier han.

Byråkratisk

- Heilt urimeleg! seier ordførar Frank Sve. Han viser til at det i vår kom ei ny truselvurdering for Storfjorden som gjorde at det måtte treffast nye tiltak i samband med skredvarslinga. - Det har ikkje vore råd å få fram tala tidlegare. Dette er eit prosjekt som blir til etter kvart. Her er det snakk om dei tiltaka som trengst for å berge liv - Heggem burde ha fokus på dei og ikkje gøyme seg bak byråkratiet, seier Frank Sve.