Hopp til innhold

– Vi som jobbar her klarer ikkje å skifte lyspærene ein gong

Kirklandet Kirke i Kristiansund er kjend for sin særeigne arkitektur. Men når kyrkja no fyller 50 år, vert den spesielle forma trekt fram som ein av dei største utfordringane.

Kirklandet Kirke i Kristiansund er kjend for sin særeigne arkitektur. Men når kirka no fyller 50 år, vert den spesielle forma trekt fram som ein av dei største utfordringane. Det vert dyrt når ikkje ein gong lyspærene kan skiftast av dei som jobbar der.

Mildrid Fiske kyrkjeverje Kristiansund

Kyrkjeverje Mildrid Fiske håper at kommunen vil hjelpe kyrkja med pengar til vedlikehald.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det er upraktisk å vere nyskapande og moderne som 50-årsjubilant. Kirklandet kirke har problem med vedlikehaldet. Det vert dyrt når ikkje ein gong lyspærene kan skiftast av dei som jobbar der.

– Uansett kva ein skal gjere så blir kostnadane enorme fordi dimensjonane i kyrkja er så store, seier kyrkjeverje Mildrid Fiske.

Eit dristig bygg

Kirkelandet kirke var eit dristig bygg da kyrkja stod ferdig i 1964, teikna av arkitekt Odd Østbye. Det er eit imponerande bygg, men mykje er upraktisk ifølgje kyrkjeverja.

– Vi som jobbar her klarer ikkje å skifte lyspærene ein gong. Vi må leige inn folk for at det skal bli gjort på ein forsvarleg måte.

Manglar millionar

Onsdag 21. mai skal kyrkja huse jubileumskonsert for å feire 50 år. Kyrkja treng vedlikehald of reparasjonar for fleire millionar kroner. Men det er det ikkje nok pengar til.

Fiske fortel at kommunen har fått levert ønske frå kyrkja om meir pengar til vedlikehald, og tilbakemeldingane har vore positive. Men hittil har ikkje Kirkelandet fått innfridd ønska sine.

Kirkelandet kirke kristiansund

Kirkelandet kirke i Kristiansund har ein spennande arkitektur. Men det kostar å vedlikehalde den.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL