Hopp til innhold

Uoversiktleg smittesituasjon stoppar ikkje studentfestival i Volda

I studentbygda Volda går Veka som planlagt med fleire utselde arrangement, men smittesituasjonen er framleis usikker. Festivalleiinga vil spreie glede til studentar som har vore mykje aleine dette året.

Revy under Veka 2021.

REVY: Festivalen Veka er i gang. Studentane starta opp med revy i helga og i løpet av veka blir det konsert, stand up og quiz.

Foto: Knut Landsverk Rensvik

Mange studentar rundt omkring i Noreg har sett det sosiale livet på vent. I den årlege undersøkinga Studiebarometeret som kom i februar sa halvparten at dei har blitt meir einsame etter at koronatiltaka blei sett inn 12. mars i fjor.

Ruben Minkstuen er sjef for Veka 2021.

Ruben Minkstuen er sjef for Veka 2021.

Foto: Jan Erik Finsæther / NRK

Ved høgskulen i Volda er studentfestivalen Veka i gang, og det er studentane sjølve som arrangerer. Dei starta opp med revy i helga og i løpet av veka blir det konsert, stand up og quiz.

– Vi har vore nervøse for om vi måtte sette ein strek over veka i år, seier Ruben Minkstuen, som er sjef for Veka 2021.

I studentbygda med rundt 5000 studentar er det mange som har sett fram til den årlege studentveka, og det er per no ingen i studentmiljøet som er smitta. Ifølgje Minkstuen har dei vore i kontakt med kommuneleiinga måndag for å diskutere festivalen og vurdert at dei framleis kan gjennomføre Veka. Studentane og kommunen gjer løpande vurderingar med tanke på smittesituasjonen.

– Kvifor er Veka viktig for studentane no?

– Det er lite fysisk undervising og mange sit isolerte, så Veka blir eit samlingspunkt der folk kan kome seg ut. Det å sjå menneske og få litt humor og latter er fint no i ein litt trist periode. Så det er mykje av motivasjonen til at vi ville få til festivalen, seier Minkstuen.

– Situasjonen kan fort endre seg

Sølvi Dimmen

Ordførar Sølvi Dimmen seier dei oppmodar folk til å ha få nærkontaktar slik som situasjonen er.

Foto: Synnøve Hole

Det er sett 158 personar i karantene i samband med smittetilfellet førre veke. Volda kommune vurderer framleis situasjonen i Volda og Ørsta som uoversiktleg, men seier det ikkje er grunnlag for å gjere strengare tiltak i skular, barnehagar, idrett og arrangement. Ordføraren ber likevel folk tenke ekstra på smittevern.

– Vi ventar på prøvesvar, så vi oppmodar om å vurdere at arrangement i kommunen utsettast eller takast digitalt. Det er ikkje noko smitte i studentmiljøet, men situasjonen kan fort endre seg, seier ordførar Sølvi Dimmen (Sp).

– Hugs smittevern

Johan Roppen

Rektor Johan Roppen ved Høgskulen i Volda seier dei følgjer tett med på situasjonen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Rektor ved Høgskulen i Volda, Johan Roppen, seier han har stor tillit til studentane og at arrangementa er smittevernforsvarleg.

– Dei passar på at folk sit på plassane sine, at servering kjem til stolane, det blir ikkje selt alkohol og sjølvsagt så held dei avstandskrava. Eg oppmodar likevel alle studentane til å hjelpe kvarandre med å hugse på smittevern, seier Roppen.

Trond Odin Johansen, som er revysjef for Veka 2021, seier det har vore spesielt å lage til revy under koronapandemien. Dei slepp inn 60 personar på kvar førestilling.

– Det er veldig krevjande, men utruleg artig å gjere ting på ein heilt annleis måte enn vi har gjort før, seier han.

Trond Odin Johansen er revysjef for Veka 2021.

Trond Odin Johansen er revysjef for Veka 2021.

Foto: Jan Erik Finsæther / NRK