Hopp til innhold

Unnlet å avluse oppdrettsanlegg

290.000 laks stod i merdane til oppdrettsselskapet Aqua Farms Vartdal AS. Der var det alt for mykje lakselus, og då selskapet unnlet å avluse anlegget kom klare trugslar om dagbøter.

Lakselus/Omenås

Lars Omenås (innfelt) er klar på at oppdrettsselskapet Aqua Farms Vartdal AS burde sett inn tiltak kjappare.

Foto: Marit Hommeldal/Arild Pettersen / NRK/SCANPIX

– Når lusetalet i fisken kjem over ei viss grense, så er oppdrettar pliktig til å ta affære, seier Lars Omenås, fungerande distriktssjef i Mattilsynet på Søre Sunnmøre.

– På anlegget i Vartdalsstranda, i Slettvika, så var lusetalet alt for høgt. Det var spesielt mykje kjønnsmodne lus som produserer egg, held Omenås fram.

Lars Omenås

Lars Omenås, fungerande distriktssjef i Mattilsynet på Søre Sunnmøre, fortel om svært mykje lakselus ved Aqua Farms Vartdal AS i august.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Det var under ein rutineinspeksjon i midten av august at Mattilsynet fekk eit lett sjokk. Mengdene lakselus i oppdrettsanlegget i Volda kommune var langt over det lovlege.

Ifølgje rapporten frå Mattilsynet stod det 290.000 laks i merdane i Vartdalsfjorden.

Villaks, aure og smolt frå fleire store vassdrag må passere anlegget på veg inn og ut av elvane.

Utsette og utsette avlusinga

– Etter kor mykje fisk som er i anlegget, så står det i forhold til kor stor smitte som blir skilt ut i igjen i sjøen.

– Det kan vere ein fare for villfisken i elvane våre, slår Omenås i Mattilsynet fast.

Oppdrettarar i Noreg er pliktige til å sjekke lusetala kvar einaste veke. Avlusing skal gjennomførast ved behov.

Aqua Farms Vartdal sjekka lusetala, men gjennomførte ikkje avslusinga før etter fleire veker.

Lakselus på sjøørret

Lakselus i fisk kan vere svært alvorleg. Her ser ein eit nærbilde av ein sjøaure med lakselus.

Foto: Bengt Finstad / NINA

Ifølgje Mattilsynet gjekk det heile fire veker.

Mattilsynet meiner oppdrettar burde tatt affære før dei trua med dagbøter på 65.000 kroner.

– Det var ei ganske stor overskriding. Vi ønska at dei skulle gjere noko straks, men dei utsette det lenge. Då måtte vi truge med dagbøter. Det er eit verkemiddel, fortel Omenås.

I ein kort kommentar seier Ottar Vartdal i Aqua Farms Vartdal at dårleg vêr var grunnen til at avlusinga ikkje blei utført i tide. Han fortel vidare at anlegget no har lite lus i seg.