Hopp til innhold

Unikt fjelløp i Stranda

Dei første løparane er komne i mål i Stranda Fjord Trail Race.

Ola Hovdenak, Stranda fjord Trail Race 2015

Ola Hovdenak tok tidleg leiinga i løpet. Her er han på veg mot Heimste Blåhornet.

Foto: Stranda Fjord Trail Race

Laurdag blir Stranda Fjord Trail Race arrangert for aller første gong. Løpet er 33 km langt og går over tre fjelltoppar. Stigninga er på til saman 2600 meter.

Ola Hovdenak frå Molde tok tidleg leiinga i løpet. Like etter klokka 13 kom han i mål som suveren vinnar på tida 4.03,20. Målgangen er ved Roaldspaviliongen på Strandafjellet.

Kjell Magnar Berli frå Velledalen vart nummer to på 4.37,57. Robert Sørlie frå Trondheim kom inn på tredjeplass.

I den kortaste løypa var det desse to som gjekk til topps: Robert Sogge frå Ekornes og Stine Flo frå Ålesund.

Stranda Fjord Trail Race

Frå starten klokka ni laurdag.

Foto: Stranda Fjord Trail Race

Tusen meter ned i fjorden

42 løparar er med. 19 spring den korte løypa. Arrangørane meiner dette er eit unikt arrangement:

– Imponerande fjordutsikt gjennom heile løpet gjer dette til Noregs vakraste fjelløp, seier dei. Frå stien er det nokre stader berre ein meter før det stuper 1000 meter rett ned i fjorden.

Kortversjonen av løpet gjekk frå Stranda sentrum, opp til toppen av Roaldshorn og ned til målgang ved Roaldspaviljongen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL