Hopp til innhold

Unike skisser frå Gestapo-aksjon

Mange år etter at krigen er slutt vert skisser som ein dobbelagent frå Hareid fekk overlevert frå ein tysk offiser i Ålesund til ein viktig del av ei heilt ny bok. Boka er under planlegging av krigshistorikar Jan Olav Flatmark.

Krigshistorikar Jan Olav Flatmark i Ålesund om Gestapo

Jan Olav Flatmark fortel om dei unike skissene frå Gestapo-aksjonen i Ålesund i desember 1943. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Skissene som er frå 1943 viser i detalj korleis tyskarane ville øydelegge den illegale radiostasjonen Koppa i Ålesund. 24 nordmenn vart arresterte under aksjonen.

Leidulf Holstad frå Hareid var dobbelagent under krigen. Han var politi i sunnmørsbyen og i følgje slektningar fekk han overlevert skissene frå ein tysk offiser mot slutten av krigen, då han sjølv sat fengsla. I følgje nevøen, Otto Holstad, på Hareid dukka skissene opp då tanta hans skulle på aldersheim og det var opprydding på loftet i bustaden deira i Horten.

Unike skisser

Jan Olav Flatmark

Jan Olav Flatmark .

Foto: Arne Flatin / NRK

Jan Olav Flatmark har ikkje sett liknande skisser som dette her, verken i Møre og Romsdal eller andre stader i landet. I dagane før 8.mai 1945 vart nemleg alt av bevismateriale mot tyskarane øydelagt, så for Flatmark er det nesten utruleg at desse skissene overlevde.

No held han på å hente inn informasjon til ei ny bok om krigen som kjem til å handle om Gestapo sine aksjonar i Møre og Romsdal under krigen. Han håper boka kan vere ferdig mot slutten av neste år.

Otto Holstad fortel om onkelen Leidulf.

Otto Holstad fortel om onkelen Leidulf. Foto/redigering:ARNE FLATIN

Dramatisk start på krigen

Otto Holstad som er nevø til Leidulf Holstad har hatt stor interesse av krigshistorie både til onkelen og andre personar frå Hareid som deltok aktivt under krigen. Holstad er 78 år no og har på eit loft på heimegarden samla både bilde og avisklipp som viser onkelen sin innsats.

Leidulf Holstad var ein av få overlevande på panserskipet "Eidsvold" som vart torpedert i Narvik i grålysinga den 9.april 1940. Seinare hamna Holstad i Ålesund som politi og dobbelagent. Han vart arrestert fleire gonger, men slapp unna, heilt til mot slutten av krigen. Då var det truleg berre freden 8.mai som gjorde at han ikkje vart avretta, fortel Otto Holstad.

Leidulf Holstad

Bildet av Leidulf Holstad og avisklipp saman med krigsmedaljar heng på veggen til nevøen Otto Holstad på Hareid.

Foto: Arne Flatin / NRK

Skissene som Leidulf Holstad fekk tak i viser eit nettverk av agentar og dobbelagentar, ein god del personar som var i tysk teneste under krigen, så kalla quislingar. Otto Holstad har ikkje sansen for det desse gjorde. Han meiner krigen aldri må verte gløymd og synest det er viktig det krigsveteranar som Ragnar Ulstein og Joachim Rønneberg har gjort i mange tiår, med å formidle det som skjedde her heime under andre verdskrigen.