Hopp til innhold

Unik fotoutstilling i Volda

Masterstudiet i fotografi ved Høgskulen i Volda stilte i dag ut fotografi som studentane har teke. Det er første gong dette skjer, og rettleiar for studentane, Stuart Franklin, seier han er svært stolt over resultatet.

Fotoutstilling Volda.

På bildet er nokre av studentane som Stuart Franklin har hatt ansvar for i Volda. Høyr han fortelje om kva han trur om fotografiet i framtida i nyheitsbransjen. Foto/redigering: ARNE FLATIN.

Dr. Stuart Franklin er ein verdskjend fotograf i fotobyåret Magnum i London. Han er i Volda i periodar for å rettleie studentane som tek så kalla masteremne i fotografi.

Stuart Franklin

Stuart Franklin.

Foto: Arne Flatin / NRK

15 studentar har vore med på dette det siste året, og noko av det dei har levert vert no stilt ut like ved biblioteket ved høgskulen.

Franklin har stor tru på fotografiet i framtida og viser til at studentane her har brukt bilda sine til å fortelje historier.

I følgje ei pressemelding frå studnetane har dei arbeidd med prosjekt som har ført dei frå til dømes dei lokale ferjene, til Svalbard og inn dramatikken til ei fødestove.

Franklin håper at denne utstillinga vert den første av mange i framtida. Han meiner studentane har all grunn til å vere stolte av resultatet og meiner det difor er på sin plass og vise fram resultatet til alle dei andre studentane ved høgskulen.

Fotoutstilling Volda

Fotoutstilling Volda.

Foto: Arne Flatin / NRK