Hopp til innhold

Unggut tiltalt for å ha sperra inne sjukepleiar

Ein 19-åring frå Molde er tiltalt for å ha sperra inne ein sjukepleiar på vaktrommet ved Molde sjukehus. Han skal også ha gått laus på politiet fleire gongar.

Molde sjukehus

Ein 19-åring skal ha tatt seg inn på eitt av vaktromma på Molde sjukehus i sommar og sperra inne ein sjukepleiar.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

19-åringen må møte i retten i februar for å svare for seg, etter at han i august skal ha sperra inne ein sjukepleiar ved Molde sjukehus og nekta henne å sleppe fri.

Hendinga skjedde like før midnatt 12. august i år.

Skal ha låst seg inne med sjukepleiaren

Ifølgje tiltalen tok han seg inn på alarmsentralrommet der sjukepleiaren var, låste døra innanfrå, og nekta henne å gå derifrå ved å hindre henne fysisk og verbalt fleire gongar. 19-åringen skal ha skubba henne, lagt henne i bakken og sagt at ho ikkje fekk gå.

Ifølgje tilalen var han oppfarande og sint, og velta mellom anna ein kontorpult, knuste fleire tastatur og veiva med ei vifte.

Tiltalt for politivald

I etterkant av episoden på sjukehuset, skal mannen også ha kome i klammeri med politiet fleire gongar.

Med mindre enn ein times mellomrom skal han ha forsøkt å hindre politiet i arbeidet sitt natt til torsdag 22. oktober. Han er tiltalt for å ha sparka to politimenn og dytta ein tredje.

Mannen er også tiltalt for fleire tjuveri, ulovleg køyring og narkotikalovbrot.

15. februar må han møte i Romsdal tingrett.