– Vi gir oss ikkje uansett, seier Bård Brandal, Jonas Skjørseter og Marius Hauknes Kruse.
Norske offshorereiarlag har slite tungt dei siste åra. Gjelda er høg og dei har for mange skip. Ved starten av året låg det rundt 140 offshoreskip i opplag.
Forskarar, miljøvernarar og politikarar seier no at det snart er slutt på det norske oljeeventyret. Kritikarane får eit klart svar når trekløveret mønstrar på eit heilt nytt forsyningsskip som skal drive service på oljeplattformene i Nordsjøen. Dei trur det blir behov for slike skip i mange år framover.
Matros Bård Brandal er overtydd om at han har fått seg ein trygg arbeidsplass når han no satsar på ei karriere på eit oljeservice-skip.
Foto: Frode Berg / NRK– Far min har vore skipper på offshoreskip i alle dei år. No følgjer eg etter. Dette er ein trygg arbeidsplass, seier Bård Brandal.
For Marius Hauknes Kruse har det også vore viktig å få seg ein jobb på sjøen. Han er viss på at han har valt rett og fryktar ikkje arbeidsløyse.
Inntekter frå havet
Når Marius, Jonas og Bård vel å satse på havet, så gjer dei det same som foreldre og besteforeldre har gjort før dei. Havet har til alle tider lagt grunnlaget for livet på nordvestlandet. Dei siste tiåra har ein stor del av inntektene kome frå olje, men no kan det snart vere slutt.
IEA-plan for nullutslepp
Det internasjonale energibyrået (IEA) sin plan for nullutslepp frå 2050 har vore ein kraftig vekkar for mange. IEA legg opp til at det ikkje kjem nye olje- og gassfelt etter 2021
Slutt på oljeeventyret?
I tillegg til den aukande motstanden mot vidare oljeleiting slit norske offshorereiarlag med høg gjeld og mange av skipa ligg utan arbeid.
Reiarlaga veit at dei står framfor store utfordringar. Fleire seier til NRK at dei er budde på å omstille seg frå oljeverksemd til annan aktivitet med lågare CO₂-utslepp.
Dette kan bli det siste nybygde oljeservice-skipet i Noreg. Reiarlaget Island Offshore fekk overlevert PSV-en for nokre dagar sidan. Skipet var bestilt i 2015 då framtidsutsiktene for oljeverksemda var betre enn i dag, men no måtte reiarlaget innfri forpliktingane sine.
Foto: Frode BergSatsar på havvind
Administrerande direktør i Noregs Rederiforbund, Harald Solberg, meiner IEA-rapporten er ei viktig påminning om den energiomstillinga også offshorenæringa må vere budd på.
- Meir havvind:
Harald Solberg, direktør i Noregs Rederiforbund, meiner offshorenæringa også må satse på fornybar energi.
Foto: Norges Rederiforbund– På kort sikt kan vi rekne med oppdrag knytt til dei felta som allereie er i gang, men vi kan ikkje berre konsentrere oss om olje og gass. Vi må også satse på fornybar energi. Havvind er eit eksempel på eit område der norske offshoreskip kan spele ei viktig rolle framover, seier Solberg.
Reknar med nye oppdrag
Solberg får støtte frå førsteamanuensis ved NTNU i Ålesund, Viktoriia Koilo. Ho meiner at fleire av dei skipa som no ligg landfast på norskekysten får nye oppdrag. Koilo trur denne auken vil kome sjølv om IEA og andre har nullutslepp som mål frå 2050.
Førsteamanuensis ved NTNU i Ålesund, Viktoriia Koilo meiner at nedtrappinga i oljeproduksjonen ikkje kjem like raskt som IEA legg opp til.
Foto: NTNU– Det er sjølvsagt rett å jobbe for lågare CO₂-utslepp, men eg trur ikkje nedtrappinga kjem like raskt som IEA legg opp til. Verda treng olje i lang tid framover.
– Høg arbeidsløyse ikkje berekraftig
Koilo meiner at mange av dei som snakkar om berekraft ikkje tek nok omsyn til sosiale og økonomiske konsekvensar av lågare oljeproduksjon.
– Ei for rask nedtrapping av oljeverksemda vil til dømes gje høgare arbeidsløyse. Det er ikkje berekraftig, seier Koilo. Ho trur oljeprisane vil auke og at arbeidsplassane i den norske offshorebransjen er trygge i fleire år framover. Koilo meiner også at ombygginga av offshoreskipa vil halde fram slik at dei får lågare utslepp av CO₂.
Mangel på matrosar
Reiarlaga jaktar no på fleire tilsette fordi oljeaktiviteten aukar. Matrosar er ei av yrkesgruppene dei saknar. Bård Brandal var aldri i tvil. Eit liv på sjøen er den beste yrkeskarrieren han kan tenke seg.
– Oljenæringa kjem til å gje oss gode arbeidsplassar i mange år framover. Noreg driv oljeleiting på ein meir miljøvennleg måte enn mange andre land, seier Brandal.
Så går han med raske skritt opp landgangen til Island Defender. No skal alle ombord gjere seg klare for nye oppdrag ute i Nordsjøen.