Hopp til innhold

Snart søknadsfrist: Unge føler seg bombardert av reklame frå høgskular og universitet

Søknadsfristen for høgare utdanning går ut 15. april og kampen om å lokke til seg studentar spissar seg. – Vi må jobbe hardt for å vere synleg, seier kommunikasjonssjef.

Elevar ved Volda vgs lytta til statsråden i Volda måndag

Elevar ved Volda vidaregåande skule føler presset om å velje både studiar og studiestad.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi vert bombardert med informasjon om mange studiestader, men manglar ofte litt i djupna om kva studia eigentleg går ut på, seier Randi Maud Mork i Volda.

Randi Maud Mork

Randi Maud Mork er avgangselev ved Volda vgs. Ho opplever at dei vert påverka frå mange hald no når søknadsfristen for opptak til høgskule og universitet nærmar seg.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ho er ein av fleire tusen avgangselevar i Noreg denne våren. Når søknadsfristen no nærmar seg med raske steg er det også mange som må ta stilling til kva dei ønskjer å gjere etter sommaren.

– Vi får no opp reklame frå ulike høgskular og universitet via telefonane og Facebook og overalt eigentleg, så det er trykk på at alle vil ha fleire studentar. All informasjonen kan gjere at det er vanskeleg å bestemme seg, seier Mork.

– Viktig å vere synleg

Line Lauvsnes Oddekalv

Line Lauvsnes Oddekalv er kommunikasjonssjef ved Høgskulen i Volda.

Foto: Arne Flatin / NRK

Line Lauvsnes Oddekalv er kommunikasjonssjef ved Høgskulen i Volda. Ho seier dei legg vekt på å promotere dei ulike utdanningstilboda dei har.

– Vi nyttar oss av Facebook, Instagram, Youtube og Snapchat. Det er ein viktig jobb for oss å synleggjere dei tilboda vi har og kvifor det er bra å vere student nettopp i Volda. Vi må vere synlege, seier Lauvsnes Oddekalv.

I tillegg brukar høgskulen dei meir tradisjonelle måtar som aviser, kino- og radioreklame.

Statsråd snakka varmt om lærarutdanning

Iselin Nybø

Statsråd for Forskings- og høgare utdanning Iselin Nybø (V) var i Volda denne veka for å snakke varmt om lærarutdanning.

Foto: Arne Flatin / NRK

Men det er ikkje berre sosiale medium som vert brukt for å marknadsføre dei mange utdanningstilboda. Denne veka fekk Randi Maud Mork og klassevenene besøk av Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

Ho var i Volda for å snakke varmt om lærarutdanninga ved høgskulen i bygda.

– Det er stort behov for nye lærarar i Noreg, mellom anna fordi mange av dagens lærarar er 60 år eller eldre, seier Nybø.

Sjølv om det er behov for mange nye lærarstudentar så er det likevel ikkje eit mål at alle skal gå rett frå vidaregåande til studiar på høgskular- og universitet.

Utdanningsminister Iselin Nybø i Volda

Statsråd Iselin Nybø (V) snakkar til avgangselevar i Volda.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Ikkje alle veit kva dei vil studere når dei er 19 år gamle. For dei kan det vere rett å gjere noko anna eitt år eller to for å tenke seg om, kanskje prøve eit yrke dei vurderer, eller ta eit år på folkehøgskule eller liknande.

Tal frå Samordna opptak viser også at knapt halvparten av 19-åringane går direkte frå vidaregåande skule til studiar ved høgskular eller universitet.

Randi Maud Mork i Volda er ein av dei som har bestemt seg og som ønskjer å gå rett på ei høgare utdanning.

– Til hausten skal eg forhåpentlegvis til Oslo på veterinærutdanninga. Dette er noko eg har planlagt og tenkt på sidan eg var lita jente, seier ho.