NRK Meny
Normal

Unge i Kristiansund har det betre enn du trur

Det har vore ei opplest og vedtatt sanning at undgdom i Kristiansund har det verre enn andre stader. Men statistikken fortel ei heilt anna historie.

Unge trivs i Kristiansund

Unge svarar sjølv at dei har det bra, viser tal frå Ungdata

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Unge ved Atlanten vgs

Elevar ved Atlanten vidaregåande skule kjenner seg igjen i tala frå undersøkinga.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Unge i Kristiansund

Lars Viktor Høvik les tala med stor interesse.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

På trappa til Atlanten vidaregåande skule studerer fire ungdommar rapporten om deira eigen kvardag. Sjølv dei er litt overraska over funna, og kanskje litt stolte.

–Det ser jo bra ut da, faktisk færre som seier at dei skulkar her enn på landsgjennomsnittet, seier Lars Viktor Høvik.

Har kome dårleg ut før

Tala viser at ungdom i Kristiansund ligg på landsgjennomsnittet for dei fleste av variablane. Når dette vekkjer oppsikt, handlar det om inntrykket som har festa seg av ungdom sine levekår i Nordmørsbyen.

–Vi har nok ei oppfatting om at våre levekår har vore dårlegare. Leverkårsundersøkingar har vist det før. Så vi trudde nok at våre ungdommar skulle ha det langt trasigare enn landsgjennomsnittet.

Det seier Kristine Reitan, som er kommnunalsjef med ansvar for skule i Kristiansund. Ho er samd i at det tidlegare har vore mykje fokus på vanskar.

–Så det at vi ligg på landsgjennomsnittet er ein god ting, men først og fremst er den ein bra start. Vi kan ikkje seie oss fornøgd med dette, seier Reitan til NRK.

Må jobbe for å bli enda betre

Erlend Thorup

Erlend Thorup seier tala motbeviser mytene, men vil ha fokus på alkoholbruk.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

På enkelte område ligg Kristiansund litt over snittet. Det gjeld bruk av alkohol, mobbing og psykiske lidingar. Erlend Thorup frå Kompetansesenter for rus, Midt-Norge seier særleg bruken av alkohol på ungdomstrinnet er noko dei ser alvorleg på.

–Dei fleste område er bra, men det er nokre område som peiker seg ut. Det gjeld særleg bruken av alkohol på ungdomstrinnet. Der ligg Kristiansund litt over snittet, og det er urovekkjande. Det er tal vi ønskjer å få ned, seier han.

Sjå tv-reportasjen om undersøkinga her:

Livet i Kristiansund har i årevis vært sett på som dårligere enn i resten av landet. Men når undersøkelsen Ungdata ble lagt frem i dag, viste den noe helt annet.

Landsomfattande undersøking

Tala som blei lagt fram i dag, er frå den landsomfattande undersøkinga Ungdata som har vore gjennomført blant ungdomsskuleelevar og elevar i den vidaregåande skulen.

I Møre og Romsdal har 22 kommunar deltatt i 2013 og 2014. I undersøkinga blir ungdommane sjølve bedne om å svare på spørsmål om mellom anna mobbing, rus, psykiske lidingar, skule og fritidsaktivitetar.

I Kristiansund blei tala lagt fram for mellom anna politikarar og skuleleiing i dag. Reitan har tru på at dei skal kunne bruke dette til å bli enda betre i framtida.

–Eg trur det er viktig at vi får formidla til foreldra kor viktige dei er for borna og ungdommane sitt liv. Og vi kan også bli betre på å målrett tiltaka våre for dei som slit.