NRK Meny
Normal

Unge jenter stressar seg sjuke

Flinke og ressurssterke jenter i tenåra er den gruppa som har størst risiko for å bli sjuke på grunn av for høgt aktivitetsnivå.

Jente med pc og mobil

STRESS: Unge jenter stressar seg sjuke på grunn av for høgt aktivitetsnivå. Det er spesielt dei flinke og ressurssterke ungdomane som er utsett.

Foto: Monkey Business Images

Det seier pedagogisk-psykologisk rådgjevar i Molde og Aukra, Morten Jahren. Han har sett ei tydeleg utvikling dei siste åra. Unge jenter, som tilsynelatande lukkast med det meste, er også dei som blir sjuke av stress.

– Det er ofte snakk om dei jentene som blir sett på som «vellukka». Tilsynelatande klarer dei å sjonglere alt, men så seier kroppen plutseleg stopp, meiner Jahren.

Då Ungdata for 2013 blei lansert tidlegare i år konkluderte NOVA, som står bak undersøkinga, at dagens ungdomsgenerasjon er veltilpassa og heimekjær, men kanskje litt stressa. Spesielt var det jentene som fortalde om psykiske plager og stressymptom.

Verdsmeister

Dei er flinke på skulen, deltek på ulike fritidsaktivitetar, har kjæraste og mange vener. I tillegg har dei som regel ein jobb utanfor skulen. Dei har fullt opp med aktivitetar både på og etter skulen. Slik summerer opp Jahren dei jentene som er mest utsett for å stresse seg sjuke. Han trur dei føler at dei må vere «verdsmeistrar» i alt.

Morten Jahren

STRESS: Morten Jahren ser at stadig fleire jenter stressar seg sjuke.

Foto: privat

– Ved å vere involverte på så mange ulike arenaer blir det knapt om tida, noko som betyr at desse jentene får problem med å rekke over alt. Dagen har rett å slett ikkje nok timar, seier han.

Denne tidsmangelen medverkar til å auke stressnivået, meiner Jahren. Han trur jentene har problem med å sjå fareteikna.

– Dei trur sjølv at dei klarer å meistre det, samtidig som stresset slit på kroppen, seier Jahren.

Det er dette stresset som gjer at jentene etter kvart blir sjuke trur Jahren. Å vere utsliten eller oppgitt er blant nokre av symptoma på stress. Kjensla av å ikkje strekkje til er ein av grunnane til at dei blir stressa.

– Dei føler rett og slett at dei kjem til kort og kan fort bli grinete og sure, seier han.

Sosiale medium

Jahren meiner at sosiale medium må ta ein del av skulda for det høge stressnivået blant jenter. I tillegg til skule, arbeid og andre fritidsaktivitetar har dagens ungdom også eit liv som i stor grad er knytt opp mot sosiale medium og bruken av dei.

Trafikken på sosiale media er stadig meir krevjande, noko som til slutt kan bli sjukdomsframkallande. Smarttelefonane har gjort det slik at vi alltid er pålogga.

No finst det også så mange ulike sosiale medium som dei unge skal handtere. Farten på desse er rask, og det blir forventa at du svarar raskt, noko Jahren trur bidreg til å auke stressnivået blant dei unge.

– Dei må alltid vere «på» og får aldri tid til å kople av. Det er klart at det blir slitsamt i lengda. Ein får aldri tid til å hente seg inn igjen, meiner han.

Stress ned

Jahren meiner det er viktig at dagen ungdom lærer seg å roe ned når kvardagen blir stressfull. Han trur det er viktig å sortere ut kva som er viktig, og heller bestemme seg for kva ein vil fokusere på i staden for å prøve å smørje seg tynt overalt.

– Logg av mobilen og logg heller på livet. Skaff deg eit pusterom i kvardagen der du berre er deg sjølv. Ein treng ikkje å gjere noko heile tida, seier han.

Han anbefaler dei unge å snakke med ein ven eller eit familiemedlem og gjere greie for kva dei syneset er viktig å fokusere på, og kor du sjølv ser deg om fem år.

– Det viktigaste er at ein har det bra, seier han.