Hopp til innhold

Unge føler at dei ikkje blir høyrde

Valkampen er i gang, men mange unge føler at politikarane ikkje lyttar til dei. Thor Due frå Molde opplever å ikkje bli tatt på alvor.

Thor Due

Thor Due opplever at politikarane ikkje bryr seg om det han har å seie.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Vallogo

Torsdag kveld møttest politikarane i Møre og Romsdal til debatt på Plassen i Molde. Mange av tilhøyrarane var elevar frå vidaregåande skule. Thor Due er ein av dei som meiner at politikarane ikkje lyttar til kva han har å seie.

– Ofte føler eg at når eg har engasjert meg for å få fram ting, så møter eg politikarar som meiner det er flott at eg som ung engasjerer meg. Men dei gjer ingenting med det, forklarer Due. Han er 18 år og går på musikklinja på Molde vidaregåande skule.

Han har vore medlem av Molde ungdomsråd og sit i fylkesstyret til Natur og ungdom. Han saknar at politikarane skal bry seg om det han seier og ta han på alvor.

– Det er heilt forferdeleg når ein møter mange som seier at du kan engasjere deg, men vi bryr oss eigentleg ikkje om kva du seier, fortel Due.

LES OGSÅ:

Berre ord

Henrik Sætervik Solvåg og Martin Tokle

Henrik Sætervik Solvåg og Martin Tokle var to av dei som høyrde på valkampdebatten torsdag kveld.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Henrik Sætervik Solvåg har mange innspel til politikarane og er samd i at dei må vere meir hogget i saker som gjeld dei unge.

– Det beste er å vere tidleg ute og få kommentarar på kva dei unge synest, seier Solvåg. Klassekamerat Martin Tokle klarer ikkje bli engasjert der han sit i salen og høyrer på debatten.

– Det er berre repeat av det eg har høyrt før. Dei seier det same heile tida. Det er berre ord og ingen aksjon, seier Tokle.

Politikarspråk

Fylkespolitikar Randi Walderhaug Frisvoll (KrF) forstår at mange unge føler at dei ikkje blir høyrt.

– Det blir på ein måte eit internt politikarspråk og vi har ein del å lære av ungdomen og snakke deira språk, seier Frisvoll. Ho meiner det burde ha vore fleire arena der ungdom og politikarane kunne treffast.

Wivi Holthe Amundsen

Wivi Holthe Amundsen meiner at politikarane må lytte til ungdomen ikkje berre når det er valkamp.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

For seint no

Wivi Holte Amunden sit i ungdomsrådet i Fræna kommune. Ho har ei klar oppmoding til politikarane no under valkampen.

– Ikkje press ungdomen rett før valet. Det fungerer ikkje. Dei må starte eit år før og lytte til kva vi har behov for, seier Amundsen.

Valgsending fra Plassen i Molde.
NRK og regionavisene arrangerte politisk debatt på kulturhuset Plassen i Molde torsdag. Her kan du sjå heile den to timar lange sendinga.
Leder i Fræna ungdomsråd, Wivi Holthe Amundsen utfordrer politikerne på å gjøre fylket attraktivt for unge.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL