NRK Meny
Normal

Unge fiskarar frå Fiskå

Dei er berre 8 og 13 år gamle, men dei handterer fiskebåten med stødige hender. Brørne Nikolai og Henrik Haugen frå Fiskå i Vanylven er i desse dagar på fiskefeltet kvar dag etter skuletid, og pengane dei tener sparer dei.

To brør på fisketur på eiga hand.

Vi møter gutane på kaia på Fiskå der dei er i ferd med å gjere klar båten til dagens tur ut på Syltefjorden for å drage garn. Det var i går eg skulle ha vore med fortel gutane, då fekk dei storfangst. 24 flotte fiskar.

Pappa, Torstein Mikal Haugen, er ute på sjøen på jobb medan mamma, Beate Stranden, følgjer med nede på kaia og NRK-journalisten vert den vaksne ansvarlege om bord denne gongen. Men ikkje for at det er spesielt nødvendig. Gutane har nemleg full kontroll. Både på båten og på utstyret for øvrig om bord.

Etter ein fem minutts tur ut ser vi garnblåsene, og gutane gjer seg klare til å drage garnet opp av sjøen. Det er ein tung og våt jobb. Yngstemann startar arbeidet, men får god hjelp av storebror når båten ligg i ro.

Henrik Haugen

Henrik (8) med dagens fangst. To bra store torskar og ein kolkjeft.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det ser ikkje så bra ut denne gongen, det er nemleg lite fisk å sjå. Men etter fleire minutt med draging ser vi endeleg eit kvart som nærmar seg båtripa. Det er ikkje den store skapningen som kjem opp av havet, men det er ein svartkjeft eller kolkjeft vert det meg fortald. Yngstemann opnar gapet på fisken og forklarer kvifor han har akkurat dette namnet.

Fangst

Gutane fryktar at det skal verte ein bomtur, men har eit håp om at det skal vere noko større fisk heilt mot slutten av garndraginga og heldigvis har dei rett. To store flotte torskar vert dregne om bord og Henrik på åtte er kjapt på plass for å kleppe tak i fiskane. Deretter vert torskane bløgga og sløgde. Gutungen har gjort dette før, det er heilt tydeleg. Med stor interesse studerer han innhaldet i magesekken. Han har lyst å verte dyrlege kan han fortelje. Storebror Nikolai er trygg på at det er fiskaryrket han skal velje.

Nikolai Haugen

Nikolai (13) ordnar garna før dei på nytt skal setjast ut.

Foto: Arne Flatin / NRK

Gutane kan fortelje om besteforeldre og onklar som også er fiskarar, så det er tydeleg at dei har saltvatn i blodårane som han uttrykker det yngstemann, Henrik. Ein positiv gut som kosar seg om bord i båten, medan det er storebror, Nikolai, som naturleg nok tek den største delen av ansvaret på skuta.

Det vert med dei to torskane og kolkjeften denne gongen, men etter ei regnbye på starten av turen har veret roa seg og måsane jagar rundt det vesle fartøyet på desperat jakt etter godbitar. Der er ingen andre båtar å sjå på fjorden, så vi har området for oss sjølve.

Henrik og Nikolai Haugen

Fangsten er ordna og gutane er snart på veg inn att til Fiskå.

Foto: Arne Flatin / NRK

Så må garna greiast og ordnast før dei skal setjast ut på nytt, på rundt 40 meter får eg vite. Så er det kanskje betre lukke neste gong. Til saman har dei på årets fiske fått ein god del fangst.

Pengane skal dei spare, fortel Henrik. Han ser allereie fram til morgondagens tur i det båten held stø kurs inn mot hamna på Fiskå.

Inne på hamna kjem mamma, Beate, køyrande. Ho lurer på korleis det har gått og fortel at gutane sjeldan kranglar når dei er om bord i båten. Då er det godt samarbeid mellom brørne. Eit samarbeid som har gitt mange fine opplevingar på sjøen så langt og fleire vert det.

Syltefjorden

Det er ein fin dag på Syltefjorden trass i at vi fekk ei regnbye heilt i starten.

Foto: Arne Flatin / NRK
Måsane følgjer båten tett på jakt etter godbitar.

Måsane følgjer båten tett på jakt etter godbitar.

Foto: Arne Flatin / NRK