NRK Meny
Normal

Unge filmskaparar får prøve seg på internasjonal filmfestival

På tre dagar skal det visast 32 filmar frå 15 ulike land.

Weniff

FILMFESTIVAL: Lokale filmskaparar skal få vise seg frå på den internasjonale filmfestivalen Weniff som startar i Ålesund i kveld. Foto: Berge Myrene.

Den internasjonale filmfestivalen Weniff opnar i Ålesund i kveld. Der får blant anna ferske, unge filmskaparar vise fram kva dei kan.

Elevar frå vidaregåande skular i Ålesund har denne veka gjort opptak til det som skal bli fire kortfilmar som blir vist siste dag på Weniff internasjonale filmfestival.

«I love Ålesund»

Håkon Korsnes

Håkon Korsnes er ein av medieelevane som får lære meir om film.

Foto: Berge Myrene / NRK

I innspurten får elevane hjelp frå den kjende spanske regissøren Ferran Audi. Den unge filmskaparen Håkon Korsnes fortel at dei har laga ein kortfilm med temaet «I love Ålesund».

– Eg syns det er gøy. Eg har planar om å bli noko innan film, så det er interessant å vere med på dette for å lære meir, seier han.

Beznik Zogaj

Fotografen Beznik Zogaj er festivalsjef for Weniff.

Foto: Berge Myrene / NRK

Bak festivalen står fotografen Beznik Zogaj. Det er tredje gong han inviterer til festival i byen. Men det er første gong ungdom slepp til med eigenproduserte kortfilmar.

– Prosjektet med elevane er ein ny aktivitet i år. Vi vil at ungdommar skal lære seg å lage film, seier festivalsjefen.

Neste år håper festivalsjefen at fleire unge blir med.