NRK Meny
Normal

Unge entreprenørar imponerte i Kristiansund

Unge entreprenørar frå heile fylket møttest onsdag i Kristiansund for få kontakt med næringslivet, og konkurrere om å ha dei beste idéane.

Fylkesmessa
Foto: gunnar sandvik / nrk

I Braatthallen i Kristiansund var nærare 500 unge gründerar frå om lag 90 ulike ungdomsbedrifter i dag samla for å delta på fylkesmesse for Ungdomsbedrifter.

Kirsten Aure, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal, var godt fornøgd med dagens fylkesmesse.

– Det er utruleg imponerande å sjå kva desse elevane har fått til. Dei har lagt ned mykje arbeid og viser det fram med stor entusiasme, seier ho.

Viktig erfaring

Dei fire beste bedriftene går vidare til NM for ungdomsbedrifter i slutten av april. Aure meiner tiltak som dette gir ungdomane ei god moglegheit til å utvikle seg som entreprenørar.

Daglig leder i Ungt entrepenørskap, Kirsten Aure

Dagleg leiar i Ungt entrepenørskap, Kirsten Aure, lot seg imponerer av elevane.

Foto: gunnar sandvik / nrk

– Her får dei drive si eiga bedrift innanfor trygge rammer. I tillegg lærer dei mykje om seg sjølv og kva dei passar til, seier ho.

– Her kan dei samanlikne seg sjølv med andre, og sjå kva dei gjer godt og kva dei kan gjere betre, held ho fram.

Veldig lærerikt

Inne i Braatthallen kunne ein sjå at dei ulike ungdomsbedriftene kome fram til svært ulike idear. Blant dei mange utstillingsplassane stod entreprenørane bak «Kristiansundspelet», eit brettspel som kan minne om monopol.

Simen Sollid og Bendik Skiphamn

Simen Sollid og Bendik Skiphamn frå ungdomsbedrifta Kristiansundspelet.

Foto: gunnar sandvik / nrk

– Vi kan jo trekke eit sjansekort og sjå kva som står der. «Du tar ein med Klippfisk-kjerringa og står over ein tur», fortel dagleg leiar Bendik Skiphamn og viser fram brettspelet.

Han tykkjer det både er lærerikt og underhaldande å få moglegheit til å drive si eiga bedrift.

– Det er ein heilt eigen oppleving å kunne vere med på dette. Du lærer veldig mykje om det å starte og drive ei bedrift, seier Skiphamn.

– Imponerande

Juryane består av kompetente folk frå lokalt arbeids- og næringsliv. Heidi Gjersvold, frå Nordmøre næringsråd, var ein av jurymedlemene.

Heidi Gjersvold

Heidi Gjersvold i Nordmøre næringsråd fra juryen og ungdomsbedrifta Hygienic Entry.

Foto: gunnar sandvik / nrk

Ho stoppa blant anna opp ved ungdomsbedrifta Hygienic Entry, frå Romsdal vidaregåande. Dei hadde utvikla ein antibac-dispenser som skal bidra til å auke fokuset på handhygiene.

– Eg har sjølv jobba innanfor helsesektoren i nesten tjue år, så dette syns eg var ein god ide, seier Gjersvold.

Ho lét seg imponere av dei unge entreprenørane.

– Det er fantastisk å gå rundt her og sjå alt dei har fått til. Eg ser ikkje vekk ifrå at vi vil sjå meir til fleire av desse i framtida, seier ho.

Victoria Bakketeig Thommasen

Victoria Bakketeig Thomassen demonstrerer antibac-dispensaren til Hygienic Entry UB.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK