Hopp til innhold

Unge deler seksualiserte bilde av barn på Snapchat

Tipsbunken til politiet om deling av ulovlege bilde aukar kvart år. I Møre og Romsdal er halvparten av dei som deler og lastar opp under 18 år.

Politiet i Møre og Romsdal har ei gruppe på 12 stykker som jobbar med å avdekke deling av seksualiserte bilder av barn på nett. På skjermen ser du overgrepsmaterialet som er sladda.

OVERGREPSBILDE: Skjermen viser eit døme på overgrepsbilde politiet fann på ein mann som var under 20 år gamal. Saka starta som eit tips frå NCMEC.

Foto: Remi Sagen / NRK

Gjennom eit samarbeid med NCMEC får Kripos inn tips når nokon i Noreg deler eller lastar opp bilde eller videoar som seksualiserer barn.

Dei gjennomgår tipsa, for så å vidaresende dei til dei ulike politidistrikta. I Møre og Romsdal ser dei éi plattform som dominerer.

Den plattforma vi tek imot mest tips frå er utelukkande Snapchat. Spesielt dei under 18 år, så er det aller meste av det vi får inn frå Snapchat, seier Thomas Hansen, politifagleg etterforskingsleiar i Møre og Romsdal.

Thomas Hansen, i politiet i Møre og Romsdal. Han jobbar med å avdekke dei som deler seksualiserte bilder av barn på internett.

Thomas Hansen leiar ei eiga gruppe i Politiet i Møre og Romsdal som jobbar med deling av ulovlege bilde. Dei er 12 personar som jobbar i Ålesund og i Kristiansund.

Foto: Remi Sagen / NRK

Hansen leiar ei eiga gruppe som jobbar med slike saker. Om lag halvparten av tipsa dei får inn gjeld unge under 18 år.

I hovudsak så deler dei overgrepsmateriale av barn, både kjent og ukjent materiale for oss.

Det yngste dei har fått inn er barn heilt nede i sjuårsalderen.

Mange av dei som er i så låg alder, har ofte lasta opp eit bilde eller ein video av seg sjølv.

Snapchat skriv i ein e-post til NRK at dei jobbar på fleire måtar for å oppdage og hindre deling av ulovlege bilde. Mellom anna med teknologi som skal merke når slikt blir lasta opp, og at folk kan rapportere innhald til Snapchat.

– Når vi finn slikt innhald, så fjernar vi det, sletter kontoen og rapporterer det inn til myndigheitene, seier Jacueline Beauchere i Snapchat.

Dei har også eit eige team som jobbar med å hjelpe politiet når dei etterforskar slike saker. Og skriv at dette arbeidet står høgt på prioriteringslista.

Foreldre må følge med

Barnevakten, som jobbar med at barn skal vere trygge på nett, seier det er viktig at foreldre følgjer med på kva barna deira driv med.

– Vi har ansvar for dei, i ganske mange år. Foreldre må henge på, dei må vite kva dei seier ja til, og sette seg inn i kva det handlar om, seier Kjellaug Tonheim Tønnesen, fagleg leiar i Barnevakten.

Kjellaug Tonheim Tønnesen er fagleg leiar i Barnevakten.

Kjellaug Tonheim Tønnesen anbefaler også private profilar til barn, og at innstillingane i appane blir tilpassa etter alderen på barnet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ho seier det er fleire grep foreldra kan ta for å følgje med.

– No har Snapchat kommen med ei ganske ny innstilling der ein kan følgje med på kven venane er. I tillegg vil eg anbefale å følgje med på barna sin vipps, sidan det er fleire på nett som fristar med betaling i bytte mot bilde og tenester.

Tønnesen peiker på at det er viktig at foreldre også sett seg inn i appane barna har. At dei lastar ned både Snapchat og TikTok.

– Sjå kva det går i, kven dei følgjer. Snakke om vennskap på nett. Har du ungar i skulealder så må du melde deg på om du likar det eller ikkje.

Tipsa aukar i omfang

Dei som er under 15 år og deler ulovlege bilde, blir i utgangspunktet ikkje straffa. Men politiet har andre tiltak dei sett i verk i desse sakene, som å snakke med foreldra.

Dei fleste foreldre tar dette ganske alvorleg. Vi opplever at foreldre sjeldan er klar over at det har skjedd. Og at dei har eit ønskje om å gi meir opplæring til barnet, sørge for at dei er i stand til å forstå korleis dei skal opptre når dei er på internett.

Politiet i Møre og Romsdal har ei gruppe på 12 stykker som jobbar med å avdekke deling av seksualiserte bilder av barn på nett.

Ei straff politiet kan gi er å inndra telefon eller PC til dei som deler eller lastar opp ulovlege bilde. Nokre saker ender også opp i domstolen.

Foto: Remi Sagen / NRK

For tipsa dei får inn aukar stadig i omfang. I 2019 fekk Kripos nesten 7000 tips frå NCMEC, i 2022 har det auka til nesten 10 000 tips.

Tipsa kjem frå plattformer som mellom anna Meta, Google, TikTok og Snapchat. Hansen ser at det er ein stor variasjon rundt kvifor folk deler slike bilde.

For oss er det viktig å skilje dei som har seksuell interesse for barn, og dei som ikkje har det. Og dermed gi dei moglegheit til å forstå at det dei gjorde potensielt var feil, og gi dei ei moglegheit til å rydde opp etter seg, seier Hansen.

Dette viser eit kart over Møre og Romsdal, der personar har lasta ned overgrepsmateriale. Dei grøne prikkane representerer barn under 15 år. Dei gule er mellom 15 og 18 år, og dei raude er over 18 år. Dei blå prikkane er ikkje identifisert.

Dette kartet viser tips frå NCMEC i Møre og Romsdal. Dei grøne prikkane gjeld personar under 15 år, dei gule er mellom 15 og 18 år, dei raude er over 18 år, og dei blåe er ikkje identifisert.

Foto: Remi Sagen / NRK