Knapp margin
Vedtaket ble gjort etter ein fem timar lang debatt. Ungdomsskulen på Godøya overlevde med knapp margin. Fleirtalet gjekk i mot å skrinleggje stykkpris-finansieringa av ungdomsskulene. Denne ordninga blei innført for å hindre nedlegging av skuler.
Fryktar omkamp
FAU-representant Vibecke Valkvæ frå Godøya er glad for at kampen for ungdomsskulen på Godøya førte fram. Det er meiningslaust å leggje ned ein så god skule, seier Valkvæ.
Ho fryktar at det kjem nye forslag om nedlegging til neste år.
Asbjørn Furnes som har kjempa for ungdomsskulen på Giske i mange år, meiner det er tragisk at skulen no blir lagt ned. Han seier at lokalsamfunnet er sårbart og at det derfor er svært viktig å behalde skulen.
Kommuneøkonomi i krise
Fleire politikarar argumenterte med at samanslåinga av Giske og Valderøy ungdomsskuler var naudsynt på grunn av den økonomiske situasjonen i kommmunen.
Giske kommune hadde i fjor eit underskot på 22 millionar kroner, og det oppsamla underskotet er svært stort.
Frode Oksnes og Høgre gjekk inn for å slå saman alle dei tre ungdomsskulene i kommunen til ein skule. Det ville ha gitt ei innsparing på omlag 1,7 millionar kroner.
Burde ha tenkt meir langsiktig
Senterparti-veteranen Elias Giske meiner kommunen burde ha beholdt alle dei tre ungdomsskulene. Han trur Giske kommune vil få auka tilflytting når bompengane forsvinn om nokre år.