Hopp til innhold

Namn på busskort skapar forvirring og misnøye

Ungdomskortet og miljøkortet har endra namn. – Det nye namnet er komplisert og vanskeleg å hugse, meiner ungdommane.

Buss reisekort Fram

Ungdomskortet og miljøkortet har endra namn. Det nye namnet skapar forvirring og misnøye.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Busselskapet FRAM har endra namn på to av kollektivtilboda sine. Ungdomskortet har fått namnet Periodebillett Ungdom, medan det tidlegare Miljøkortet er erstatta av Periodebillett Område.

– Vi har fått tilbakemelding på at dei tidlegare namna var forvirrande, då det var fleire som ikkje forstod skilnaden på dei ulike billettypane, seier Konrad Lillevevang som er leiar av marknadsseksjonen i Samferdselsavdelinga.

– Fengjer ikkje

Det er ikkje alle som er einige i at dei nye namna er ei forbetring. Ungdomspanelet i Møre og Romsdal har nett hatt eit møte der ei diskuterte endringa.

Marthe Emilie Hansen

Marthe Emilie Hansen, leiar i Ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

Foto: Ungdomspanelet Møre og Romsdal

– Ungdomskortet er eit namn vi er vant til å bruke, så vi ser ikkje hensikta bak namneendringa, seier leiar i Ungdomspanelet, Marthe Emilie Hansen.

Dersom det skal gjerast ei forbetring, er det viktig at den gagnar ungdommen, meiner Hansen.

– Det er flott at ein forsøker å gjere det enklare å nytte kollektivtilbodet i fylket, men det nye namnet på ungdomskortet er komplisert og vanskeleg å hugse. Det fengjer ikkje.

Ungdomspanelet hadde fleire idear til namn, men fekk ikkje vere med i prosessen rundt namneendringa.

– Mange ungdom har gode og kreative idear. Fleire av namneforslaga hadde nok fungert betre enn det namnet som vart bestemt, så det er dumt at vi ikkje fekk vere med i prosessen, seier Hansen.

Frå -kort til -billett

– Ungdomspanelet er ein viktig arena for oss som vi ynskjer å lytte til. Dersom dei meiner at det nye namnet er for komplisert er dei velkomne til å ta kontakt, så skal vi inkludere panelet neste gong vi eventuelt endrar namn på billettypen, seier Lillevevang.

Konrad Lillevevang

Konrad Lillevevang, leiar i marknadsseksjonen i Samferdselsavdelinga.

Foto: Samferdselsavdelinga Møre og Romsdal

Bakgrunnen i endringa ligg i at folk ikkje har forstått skilnaden på Reisekortet, Ungdomskortet og Miljøkortet. Reisekortet er namnet på kortet ein nyttar for å fylle på ulike billettypar.

– Vi har forsøkt å spisse produkta ved å kalle dei -billett. Vi ynskjer at det skal vere enklast mogleg for flest mogleg å velje riktig billettype. Det er berre namnet som er endra, så prisane og tilbodet er det same.

– Alle nyttar ungdomskortet

Ungdomskortet som no har fått namnet, Periodebillett Ungdom er eit populært tilbod.

– Alle eg kjenner nyttar seg av ungdomskortet, så det er eit godt tilbod for ungdom og vi set pris på at fylkeskommunen prioriterer ungdom og kollektivtransport, seier Hansen.

Ungdomsleiaren fortel at busstilbodet har blitt betre enn det har vore tidlegare, men synest likevel at det er rom for forbetringar.

– Ein kan alltid bli betre på dei ulike bussrutene, men vi ungdom må også bli flinkare til å seie ifrå dersom vi saknar noko. Det må gå begge vegar, stadfestar ho.