Politiførstebetjent Eli Bente Skarbøvik ved Sunnmøre politidistrikt, seier ungdomsgjengane skaper frykt på kjøpesentera.
Ungdommane opererer i grupper, kjem med trugslar mot forretningar og tilsette og har ein oppførsel som skaper frykt.
– Folk føler seg trakassert, seier Skarbøvik.
Ransforsøk i går
I går blei ei 60-år gammal kvinne forsøkt rana i Spjelkavik. Etter vitnehavhøyr gjekk politiet til aksjon mot ein ungdomsgjeng på ti til femten personar som oppheldt seg ved kjøpesentera på Moa. Politiet kom då over tre visakort som stamma frå tjuveri frå tilsette ved kjøpesenteret.
Dette er berre ei av hendingane som gjer at Skarbøvik meiner det bør ryddast opp i ungdomsmiljøet på Moa. Miljøet på Moa er i ferd med å bli ganske tøft, og består av gutar og nokre jenter i 14-15-årsalderen og oppover, seier Skarbøvik.
Sender saker til barnevernet
Politiførstebetjenten presiserer at det enno ikkje er avklart om ungdomsgjengen som politiet aksjonerte mot i går hadde noko med ransforsøket i Spjelkavika å gjere, men legg likevel ikkje skjul på at ungdomsmiljøet rundt kjøpesentera er uheldig.
Politiet følgjer nøye med, seier ho. Ungdommar blir tekne inn til avhøyr når forhold blir melde og foreldra blir orienterte.
Saker der barn er involverte blir sendt over til barnevernet, seier Skarbøvik.