Hopp til innhold

Mottaksleiar: – Dei er livredde

Ungdomar ved mottaket for einslege mindreårige asylsøkarar på Hareid er uroa for framtida.

Iselin Eliassen Aska

Iselin Eliassen Aske er mottaksleiar ved mottaket for einslege mindreårige asylsøkarar på Hareid.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ved mottaket for einslege mindreårige asylsøkarar på Hareid ventar ungdomane no på at dei skal bli sende ut av landet.

Mottaksleiar Iselin Eliassen Aske seier at gutane frå Afghanistan no fryktar for framtida.

– Dei er livredde. Dei trekk seg tilbake og vi har opplevd at ungdomar må hentast med ambulanse fordi dei får psykiske samanbrot når dei får vite at dei har fått avslag, seier ho.

Får oppjustert alderen

Mange av dei som bur ved mottaket har mellom anna fått oppjustert alderen sin til 18 år eller meir. Eliassen Aske fortel at dei har som regel fått oppjustert alderen samtidig som dei har fått avslag på asylsøknaden sin.

Mottaksleiaren seier det er utfordrande å drive eit mottak for einslege mindreårige asylsøkarar med dei strenge innstrammingane i dagens asylpolitikk.

– Det er utfordrande, å seie noko anna ville vere å lyge. Når det er sagt så er det ikkje vi som avgjer sakene deira. Vi må stole på at dei som gjer det har den informasjonen dei skal og baserer vedtaka ut ifrå det, seier Eliassen Aske.

Vil sikre rettstryggleiken

Mottaksleiaren fortel at ho er for eit aktivt returarbeid, men meiner det må skje på rett grunnlag.

– Eg meiner det er viktig å motivere flest mogleg til å returnere frivillig. Vi må berre håpe at myndigheitene gjer ei grundig nok vurdering, seier ho.

– Du er ikkje redd for å bli kritisert for å vere for kjenslemessig engasjert i enkeltskjebnar?

– Eg trur det er lett for folk å seie det. Eg legg meg ikkje bort i om ungdomane har snakka sant i intervjua eller om dei har behov for å bli beskytta, men eg vil sikre at rettssystemet rundt dei fungerer, uavhengig av innhaldet i sakene deira, seier Eliassen Aske.