Hopp til innhold

Ungdomane designa sin eigen refleks

I dag er det refleksens dag og over heile landet har det blitt delt ut refleksar. I Møre og Romsdal fekk elevane utdelt refleksar designa av ei elevbedrift.

På refleksens dag har det blitt delt ut 40.000 refleksar utforma av ei elevbedrift i Molde.

Elias Storhaug delte ut refleksar i dag og medelevane tok villeg imot.

For 11. år på rad arrangerer Trygg trafikk refleksens dag. Seks av 10 ungdomar i Møre og Romsdal brukar ikkje refleks og elevar i vidaregåande skule er ekstra dårlege på dette. Landsdekkande tellingar viser at berre 32 prosent av vaksne i Noreg brukar refleks.

Elias Storhaug i Molde er ein av dei som delte ut refleks i dag til medelevar.

– Å ha ein refleks er viktig. Det er mindre sjanse for å bli påkøyrt. Ungdommen er ikkje så flinke, så det er derfor vi er her, seier Storhaug.

Det er Sparebanken Møre som har fått elevar ved Medier og kommunikasjon ved Molde videregående skole til å designe refleksen.

Årets refleks er utforma som ei lyspære.