Hopp til innhold

Her kastar ungdommen geita på sjøen- politiet etterforskar saka

Ein person på Sunnmøre blir etterforska for dyremishandling etter å ha kasta ei geit på sjøen. – Ingenting forundrar meg lenger, seier bonden.

Ungdommen lokka geita ut på bryggekanten og dytta henne deretter på sjøen ved Storholmen utenfor Langevåg.

Ein person kasta geita på sjøen og det heile blei filma. No er saka meld til politiet.

Ungdommen lokka geita ut på bryggekanten og kasta henne deretter på sjøen ved Storholmen utanfor Langevåg. Det heile blei filma og videoen er hyppig delt på sosiale medium.

Politiet etterforskar no saka fordi dei mistenker vald eller dyremishandling. Dyrekrimeninga hos politiet er involvert.

– Videoen talar for seg sjølv. Det er snakk om at ein kastar eit dyr på sjøen og det kan openbert vere traumatisk og skadeleg for dyret, seier Anders Skorpen-Trøen, politiinspektør ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka.

Politiet har ein mistenkt person og seier at det verkar som det var fleire til stades. Dei undersøker no dette.

Randi Alnes er dagleg leiar i Nymarkbakken barnehage. Her er ho saman med høner og barn.

Randi Alnes er dagleg leiar i Nymarkbakken barnehage. Her har dei både høner, kaniner og geiter, men no er geitene på beite på Storholmen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Flaska opp i barnehage

– Eg blir uvel av videoen og eg synest det er forferdeleg at folk kan finne på å gjere noko slikt, seier Randi Alnes. Ho er dagleg leiar i Nymarkbakken barnehage.

Geita som hamna i sjøen har blitt flaska opp av barnehagebarna, saman med to andre geiter. No er geitene plassert i friluftsområdet Storholmen for å halde vegetasjonen nede. Det tette samværet med barna har gjort dyra trygge og sosiale.

– Vi har ikkje fortalt det til barna endå sidan mange er på ferie, seier Alnes.

Ho er glad for at geita ikkje drukna, og trur ikkje gjerningspersonen forstår kva konsekvensen kunne blitt.

– Mange er svært sinte no. Ei eventuell straff frå politiet er den minste straffa samanlikna med korleis dei blir sett på av bygda og området rundt, seier Alnes.

Les også Geiter tilgriset med ketsjup på friluftsområde

Ketchup på geiter

Kan ikkje svømme langt

For bonde Knut Dybvik er dette tredje gong han opplever at dyra hans blir plaga. I 2019 blei fleire geiter tilgrisa med ketsjup, eit anna år blei ei geit løfta opp i lufta og kasta ned att i bakken, slik at ho fekk beinbrot.

– Det er ingenting som forundrar meg lenger, men det er trist at dyra ikkje skal få gå i fred, seier Dybvik.

Geita som blei kasta på sjøen overlevde, men Djupvik veit ikkje korleis det gjekk til. Geiter kan ikkje symje særleg langt. Bonden trur at ungdommane anten har hjelpt henne på land att eller så har geita hatt flaks og kome seg på land sjølv.

No torer han ikkje ha dyr på holmen meir.

– Vi flyttar dei om nokre dagar. Dette er ingen vits i å halde på med, seier Dybvik.

Mattilsynet er kjent med saka.