NRK Meny
Normal

Fleire involvert i slagsmål i Molde

Politiet i Molde måtte rykke ut til bussterminalen i sentrum etter at det oppstod eit slagsmål mellom fleire ungdomar onsdag ettermiddag.

Politi illustrasjon

ILLUSTRASJON: Politiet måtte rykke ut til eit slagsmål i Molde sentrum onsdag ettermiddag.

Foto: Kyrre Lien/Scanpix

Det var like etter klokka 16.00 onsdag at politiet fekk melding om eit slagsmål i Molde sentrum.

– Slåstkampen hadde blitt brote opp før vi kom til staden. Det er snakk om to personar i slutten av tenåra som har gått til angrep på ein annan mann i tenåra, seier Jan Helge Kjøl, operasjonsleiar ved politiet i Nordmøre og Romsdal.

Blir meldt til politiet

Den fornærma fekk ikkje personskadar, men politiet ser likevel svært alvorleg på hendinga.

– Det er spesielt alvorleg at dei har valt å gjere dette på ein så offentleg plass som på bussterminalen i sentrum, seier Kjøl.

Politiet leitar no etter dei to angrepsmennene som stakk frå staden før politiet kom.

– Den fornærma vil sjølv møte på politistasjonen for å melde saka til politiet. Han har ei viss meining om identiteten til dei som angreip han, seier Kjøl.