Hopp til innhold

Syklist i tenåra skadd etter kollisjon med bil

Ein gut i tenåra blei sendt til sjukehuset i Molde etter ei ulukke i Isfjorden.

Ulukke i Isfjorden

Klokka 18.24 melder Molde sjukehus at tenåringen er stabil og at skadane er lette.

Kollisjon i kryss

Politiet i Nordmøre og Romsdal fekk melding om ulukka klokka 15.10.

– Ulukka skjedde i innkøyringa frå riksveg 64 til fylkesveg 176 i Isfjorden, sa operasjonsleiar Tore Hals.

Bilisten, som kom frå Åndalsnes, kom uskadd frå samanstøyten. Syklisten, ein gut i tenåra, blei derimot skadd.

– Han blei først køyrt til legevakta på Åndalsnes, men er send vidare til sjukehuset i Molde. Meir veit vi ikkje per no, fortalde Hals til NRK like før klokka 16.00.

Uklar hendingsgang

Syklisten var i starten av tenåra, medan bilføraren var i midten av 30-åra.

– Han var åleine i bilen, opplyser Hals.

Politiet fortel at det er for tidleg å seie noko om hendingsgangen.

– Etterforskinga vil vise kva som har skjedd, slår operasjonsleiaren fast.

Kor alvorleg det er for guten i tenåra er førebels uklart. AMK-sentralen i Molde kan ikkje gå ut med informasjon per 18.00 torsdag.

NRK følgjer saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL