Hopp til innhold

Ung mann i respirator

Ein ung mann med svineinfluensa ligg i respirator ved sjukehuset i Kristiansund. Dette er det første tilfellet i fylket som har hamna i pustemaskin.

Kristiansund sykehus
Foto: NRK

Leiaren ved avdeling for kirurgi og akuttmedisin i Kristiansund, Hans Christian Ofstad, seier det går framover med mannen:

- Vi har sidan fredag hatt ein ung mann på respirator, men han er stabil og har hatt framsteg, seier Ofstad.

Stadig fleire sjuke

Arnt Sommerlund

Arnt Sommerlund, informasjonssjef i Helse Nordmøre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Og det kan bli fleire som blir så sjuke av svineinfluensa at dei må på sjukehuset. Informasjonssjef i Helse Nordmøre og Romsdal, Arnt Sommerlund, seier dei reknar med fleire pasientar den næraste tida:

- Vi opplever den same tendensen som i landet elles: når talet på positive prøver aukar, aukar også talet på pasientar, seier Sommerlund.

- Topp i desember

Dei to sjukehusa i Molde og i Kristiasund har lagt planar for å kunne ta imot tilsaman 138 pasientar dei neste vekene. For mykje tyder på at toppen av influensasjuke ikkje er nådd, men kjem først i desember. Pasienten i Kristiansund er den første i fylket som har blitt så sjuk av svineinfluensa at han er lagt i respirator. Sjukehusa i Ålesund og Volda har i følgje fagdirektør Odd Veddeng førebels ikkje hatt respiratorpasientar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL