Undrar seg over vedtak

Endre Dalen i Molde brann- og redningsteneste synest det er merkeleg at Nav fjernar økonmisk støtte til komfyrvakt frå midten av mai. Komfyrvakter blir no fjerna frå lista over hjelpemiddel som blir dekt av Folketrygda. Det er spesielt eldre som er utsett for brann under matlaging, og dei må no ut med 3-4.000 kroner om dei vil innstallere komfyrvakt. Dalen fryktar mange ikkje har råd til dette, og at talet på kjøkkenbrannar dermed ikkje går ned. Han håper Nav vil vurdere saka på nytt.

Komfyrvakt
Foto: Philip Hofgaard