Hopp til innhold

Undersøkjer utslepp frå fiskebåt

Kystverket undersøkte i dag området i nærleiken av der fiskebåten «Leif Roald» gjekk på grunn seint laurdag kveld.

Kystvakta

Kystvakta var i dag på plass i området der ein fiskebåt gjekk på grunn laurdag kveld. Biletet er tatt i ein annan samanheng.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Bakgrunnen for dette var å undersøke om det var utslepp av diesel eller olje etter båtforliset laurdag.

– Vi har sett ei lita stripe med diesel, men så langt er det så lite at det går i oppløysing i sjøen, seier Ove Njøten, vaktleiar i Kystverket.

Det var seint laurdag kveld fiskebåten «Leif Roald» gjekk på grunn på skjæret Braken like vest for Hestskjæret. Mannskapet på ni hadde gått i redningsflåten da redningsskøyta «Erik Bye» kom til staden rundt klokka 22.00 laurdag kveld.

«Leif Roald» gjekk først på skjæret, før havet trakk den ut igjen. Etter fyrst å ha lege med kraftig krenging, gjekk den til slutt rundt og blei liggjande med kjølen i været.

Båten har no søkke, og det finst ikkje teikn til båten i overflata. Det er enno ikkje klart kva som var årsaka til at båten gjekk på grunn.

Vil overvake området

Kystverket sende søndag ettermiddag eit fly over området der båten gjekk på grunn for å undersøke om det var teikn til forureining i sjøen. Kystvakta var også på ulukkesstaden for å sjå etter utslepp.

Kystverket vil no overvake området vidare for å vere sikker på at det ikkje blir ei stor lekkasje i området. Dei har i tillegg sendt ut eit OBS-varsel slik at andre båtar i området skal vite at det kan ligge notbruk eller anna vrakgods i sjøen. Njøten er likevel ikkje uroa for at det skal vere snakk om eit stort utslepp.

I og med at det er ein liten båt reknar eg med at det ikkje vil ha nokon stor konsekvens, men vi har ikkje noko tal på kva som kan ha kome ut, seier han.

No er det opp til reiarlaget til båten å avgjere kva som skjer vidare med båten.

– Det er reiarlaget som har ansvar både båten og det som var om bord, og det er dei som må sørge for ei eventuell opprydding, seier Njøten.