NRK Meny

Undersøkingar i Halsa

Arbeidstilsynet skal i morgon på åstadgransking på Halsahalvøya der ein mann i 40-åra omkom i går. Mannen miste livet i ei arbeidsulykke medan han arbeidde på ein skogsbilveg og ei røyrgate. Politiet var på staden i går, og held fram sine undersøkingar. – Ein konklusjon om årsaka til ulykka er truleg ikkje klar før i neste veke, seier Helge Berg ved lensmannskontoret i Surnadal.