Det var heisebjelken som svikta då fergelemmen på Sulesund ramla i sjøen. - Årsaka er stor slitasje, seier fungerande distriktsvegsjef Richard Lunheim etter inspeksjonen i dag.
Stor slitasje førte til at ferjelemmen på Sulasundet kollapsa. Foto: Bernt Baltzersen, NRK.
Kollaps
- Dette er rett og slett ein kollaps av heisbjelken under ferjelemmen, seier Lunheim. Dette skuldast mekaniske belastningar over lang tid, seier Lunheim.
Richard Lunheim, fung. distriktsvegsjef. Foto NRK.
Ombygging
Først tordag vil en ny heisebjelke være på plass, og ferjekaia kan takast i bruk igjen. Seinare blir det ei meir omfattande ombygging. - Vi tek sikte på å bygge om ferjekaia på Sulasundet i løpet av hausten. Vi vil ha eit meir tradisjonelt system med to heistårn i staden for berre eitt, seier Lunheim.
Geiranger
Her i fylket er det er bare fergekaia i Geiranger som er bygd etter det samme prinsippet som på Sulesund. I dag dreg folk frå vegvesenet til Geiranger for å finne ut og det er fare for at også denne lemmen kan falle ned.