Hopp til innhold

Underskriftsaksjon for Romsdalsaksen

Vil ha omkamp om trasévalet for ferjefri E39.

Romsdalsaksen montasje

Forkjemparane for Romsdalsaksen har sett i gang ein underskriftskampanje på nettstaden underskrift.no

Foto: Illustrasjon, Romsdalsaksen

Rbnett melder søndag at det er sett i gang ein underskriftskampanje for Romsdalsaksen på nettstaden underskrift.no

Søndag ettermiddag har det snart kome 1000 underskrifter. Kampanjen er delt 600 gonger på Facebook.

På nettstaden skriv initiativtakarane at dei krev ei ny utgreiing av val av trasé ved ny fjordkryssing over Romsdalsfjorden.

Informasjonsmøte om Romsdalsaksen

Tidlegare i desember var det fullt hus då det var informasjonsmøte om Romsdalsaksen på Vestnes.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Køyrer over befolkninga

– Maktapparatet i Møre og Romsdal køyrer over befolkninga med ei dårleg, kostbar og lite framtidsretta løysing, skriv dei på nettsida.

På nettstaden står det at kampanjen er oppretta av Mona Mykløy Kaldvansvik.

Forkjemparane for Romsdalsaksen mener at ei kryssing av Romsdalsfjorden bør skje oversjøisk. Og at traseen ikkje skal gå gjennom tettbygde område i Vestnes og Molde.