Under sjøen etter fugl

- Rev på fuglefjellet på Runde vil vere ei katastrofe, meiner miljøvernleiaren i Ulstein.

Rev
Foto: Edny Rønne

Eventyrlysta er stor for enkelte. Ein rev vart nyleg jaga då den freista gå gjennom Eiksundsambandet til ytre søre Sunnmøre.

En raudrev fra Ørsta som ville besøke og oppdage øyene på ytre søre Sunnmøre ble jaget tilbake til Ørsta.

Reven var på vei gjennom Eiksundsambandet då to bilister oppdaga den, snudde og jaga den tilbake.

Alv Ottar Folkestad på Runde
Foto: Øystein Windstad

- Vil ikkje ha rev

Det er miljøvernleiar Alv Ottar Folkestad i Ulstein glad for. Han vil for all del unngå at reven vandrar helt ut til revemat-paradiset Runde:

- Det var både rett tenkt og snartenkt, seier Folkestad.

- Vi har ikkje raudrev på øyane her ute, og vil ikkje ha det heller. Det er slik naturen har vore frå byrjinga, meiner han.

Det er bestemt at det skal setjast opp revesperre på Ørsta-sida, slik at reven ikkje får utforske øyane.

Bekymra for nye kull

- Det blir soner med ubehagelege lydar, som ikkje reven vil gå gjennom. Desse vil bli så lange at han ikkje kan ta sats og hoppe gjennom. Det blir dermed ubehageleg for reven å gå inn, og den vil snu ut att, fortel Folkestad.

Folkestad meiner det hastar med å få opp sperra, for no byrjar kullet frå i år med raudrev å vandre.

- Dei er ikkje redde for å gå ned i hol og i tunnelar og slikt, seier han.

- Ei katastrofe

- Det verkar som om det berre er spanande for dei å ta seg fram på eigne vegar, og vi veit frå andre stadar at dei ikkje er redde for å gå gjennom lange tunnelar.

- Her ute er reven svært uønska. Reven er jo ein skapning i vår herres hage den også, men når vi har eit system her ute utan rev, så ønsker vi å ta vare på naturen slik som den er, fortel Folkestad, som ser med frykt på om reven skal kome over til øyane på ytre søre Sunnmøre.

- Berre tenk om reven kjem utover her og går over bruene utover, til Runde eksempelvis, og fuglefjellet der ute. Det ville vere ei katastrofe.

Lundefugl

Lundefuglen og andre på fuglefjellet på Runde kan vere i problem om reven kjem seg til øya.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold, Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX / SCANPIX