Hopp til innhold

Ulykker med ATV og bil

Ein mann i 20-åra blei sendt til Molde sjukehus for undersøking og behandling etter ei ulykke med ATV. Det skjedde ved Kårvåg i Averøy. Også i Fræna blei ein mann i 20-åra sendt til sjukehus. Vedkomande køyrde utfor vegen ved Sandsbukta. Her har politiet mistanke om promillekøyring. Ei kvinne i 50-åra er og mistenkt for promillekøyring. Ho køyrde av vegen i Kårvåg og blei tatt med til blodprøve.