Veg opna etter ulykke
Riksveg 659 ved Remmetunnelen i Haram er no open igjen for trafikk etter ulykka tidlegare i dag. Politiet opplyser at dei opprettar ei sak på hendinga.
Riksveg 659 ved Remmetunnelen i Haram er no open igjen for trafikk etter ulykka tidlegare i dag. Politiet opplyser at dei opprettar ei sak på hendinga.
Naudetatane er no framme på staden etter ei trafikkulykke like før Remmetunnelen i Haram. Totalt tre bilar med fire personar var involvert i ulykka. – To personar er sendt til akuttmottaket ved sjukehuset i Ålesund, seier Ragnvald Rasmussen, operasjonsleiar i politiet.
I tillegg har ein person blitt tatt med til lokal legevakt. Den fjerde personen skal vere uskadd, ifølge politiet. Alle dei involverte kom seg ut av bilane etter ulykka og skal ha vore bevisste.
Ein av bilane byrja å brenne etter ulykka, men brannen er no sløkt, melder politiet. Rasmussen i politiet seier at det er for tidleg å seie noko om kva som var årsaka til ulykka.
Vegen er framleis stengt, men politiet opplyser at dei jobbar for å få opna det eine feltet.
Naudetatane er på veg til ei trafikkulykke på riksveg 659 like ved Remmetunnelen i Haram. Ulykka skal ha skjedd utanfor tunnelen. Tre bilar er involvert i ulykka. Ein av bilane skal vere i brann, ifølge politiet. Dei opplyser at det ikkje skal vere personar i bilane no, men at nokre av dei som var i bilane skal vere skadd. Ifølge politiet er skadeomfanget ukjent. vegen er stengt som følge av ulykka.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.