NRK Meny

Ulykke i Skodje

To bilar er involverte i ei trafikkulykke mellom Skodjebrua og Digernesskiftet. Det er førebels uklart kva skadeomgang ulykka har medført, men etter at nødetatane kom fram melder politiet at alle dei involverte har kome seg ut av bilane. Trafikken blir dirigert forbi ulykkesstaden til bilbergar har henta dei to bilane som kolliderte.