NRK Meny
Atlanterhavstunnelen stengt etter ulykke
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ulykke i Atlanterhavstunnelen

Oppsummert

Alvorleg trafikkulykke mellom ein bil og ein traktor inne i Atlanterhavstunnelen fredag 02.03.18.

  • Kjørte inn i traktoren bakfra

    Personbilen som var involvert i ulykken i Atlanterhavstunnelen kjørte inn en traktor med tilhenger bakfra. Farten på bilen skal ha vært høy, mens traktoren kjørte sakte i tunnelen. Flere bilister som har kjørt tunnelen forteller om dårlig sikt i morgentimene.

  • Tunnel open igjen

    Atlanterhavstunnelen er no open igjen etter å ha vore stengd i fire timar som følgje av ei trafikkulykke. Ein mann i 20-åra er alvorleg skadd etter ein kollisjon mellom ein personbil og ein traktor inne i tunnelen.

  • Mann i 20-åra skadd i ulykke

    Den var ein mann i 20-åra som blei alvorleg skadd i ei trafikkulykke mellom ein bil og ein traktor i Atlanterhavstunnelen. Politiet opplyser at ulykka skjedde då ein personbil køyrde inn i ein traktor med hengar bakfrå. Tunnelen blir truleg stengd fram til klokka 12.00.

  • Frakta vekk med luftambulanse

    Personen som sat fastklemt i ein bil i Atlanterhavstunnelen er no frakta vekk frå staden med luftambulanse. Politiet opplyser at dei no vil gjennomføre åstadsundersøkingar på staden saman med ulykkesgruppa frå Statens vegvesen. Tunnelen blir difor stengd fram mot klokka 12.00.

    Ulykke Atlanterhavstunnelen
    Foto: Eirik Haukenes / NRK
  • Alvorleg skadd i ulykke

    Ein person er alvorleg skadd etter ei trafikkulykke i Atlanterhavstunnelen tidlegare i dag. Vegen går mellom Kristiansund og Averøy i Møre og Romsdal og vil vere stengd i fleire timar framover, opplyser politiet. Omkøyring via Freifjordtunnelen.

    Ulykke Atlanterhavstunnelen
    Foto: Eirik Haukenes / NRK