NRK Meny
Normal

To til sjukehus for sjekk etter ulykke

Alle nødetatane rykte ut til ei trafikkulykke i Årødalen.

Laster kart, vennligst vent...

To bilar og to personar var involverte i ei trafikkulykke på fylkesveg 64 i Årødalen i Molde i 08-tida. Nødetatane rykte ut, og brannvesenet starta opprydding på staden før klokka 08.30.

Begge dei to sjåførane blei sende til Molde sjukehus for sjekk.

Tussentunnelen, som ligg omlag 250 meter frå ulykkesstaden, var mellombels stengt, fordi politiet ønskte å stenge trafikken til ulykkesstaden.

Ulykka førte til lange køar, men rett før klokka 08.30 var vegen open igjen.

Politiet varslar om glatte vegar fleire stader i morgontimane i dag.