Ulv ved fylkesgrensa vekkjer uro

Fylkesmannen har eit skarpt blikk over fylkesgrensa til Sogn og Fjordane, der det for eit par veker sidan blei observert ulv i Hornindal.

Ulv skutt Sykkylven

Ulven som i fjor herja i saueflokkane på indre Sunnmøre, blei til slutt skoten i Sykkylven. Sauebønder fryktar at ulv igjen skal dukke opp i Møre og Romsdal.

Foto: Robert Kvam

Det både Fylkesmannen og sauebønder i nabokommunane til Hornindal no undrar på, er om ulv vil dukke opp igjen på våre trakter og truge sauer på beite.

lam tatt av ulv

Fleire lam blei tekne av dage av ulven då han herja i saueflokkane i Sunnylven.

Foto: Tor Arne Tryggestad

I fjor sommar var det ulvejakt i to veker i Sykkylven etter at fleire sauer og lam blei funne døde på beite.Når det no er meldt om ulv igjen på andre sida av fylkesgrensa, vekker det uro hos sauebønder på indre Sunnmøre.

Vil vite

Fylkesmannen i Møre og Romsdal er kjent med observasjonane i Hornindal, og har vore i kontakt med Fylkesmannen der om saka. Det er ikkje meldt om tap av sau og lam i området.

Ulven Sykkylven

Det blei gjort fleire observasjonar av den unge hannulven som i fjor sommar streifa rundt i fleire bygder på Sunnmøre.

Foto: Arve Garli

Så langt i sommar er ulv ikkje observert i Møre og Romsdal, men viltforvaltar Astrid Buset hos Fylkesmannen ber alle som eventuelt ser ulveliknande dyr, melde frå.

Astrid Buset ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Astrid Buset hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil gjerne vite det dersom ulv dukkar opp på våre trakter.

Foto: Privat

– Vi oppmodar folk om å følgje med og melde frå til Statens naturoppsyn om dei ser dyr som liknar på ulv, seier Buset.

Så ulv på seter

Det var for 14 dagar sidan at ei ung jente på joggetur til Holskarsetra i Hornindal, brått stod framføre det ho meiner var ein ulv.

Rovviltkontakt i Nordfjord, Ingolf Folven, festar stor lit til observasjonen. Det er ikkje meldt om tap av sau og lam i området, og Buset seier at det enno ikkje er stadfesta at det verkeleg var ein ulv jenta møtte.

Ulven som i fjor sommar herja i saueflokkane både i Stranda og Sykkylven, skapte stor uro blant sauebøndene. Ulven var ein ung hannulv, som hadde streifa heile 600 kilometer i luftlinje frå Sør- Sverige.

Han blei i slutten av juni skoten av eit kommunalt fellingslag i Sykkylven.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.