Hopp til innhold

Flystyrten i Florida: Rapporten er klar

Amerikanske myndigheiter er ferdig med rapporten om den dramatiske flyulukka i Florida for to år sidan. William Bloch frå Ålesund mista livet i hendinga.

Video To nordmenn savnet etter flystyrt i Florida

28 år gamle William Bloch frå Ålesund og den 21-årige flyeleven Gustav Granholm frå Bærum omkom i ei flyulukke rundt to hundre meter frå kysten av Florida i februar 2011.

Foto: Nyhetsspiller

28 år gamle William Bloch frå Ålesund døydde då flyet han sat i styrta i havet den 16. februar 2011.

William Bloch og 21-årige Gustav Granholm frå Bærum skulle fly frå Sarasota til Daytona Beach i Florida. Bloch var med på turen som flyinstruktør.

Målet med turen var å gje den norske eleven moglegheit til å fullt ut manøvrere flyet på eiga hand.

Litt før klokka 18.30 mista kontrolltårnet kontakt med skuleflyet – eit Cessna 172S.

I rapporten seier vitne at flyet stupte i høg fart med nasen først mot havoverflata.

Like etter ulukka vart det meldt i media at flyet hadde begynt å brenne, men ifølgje rapporten stemmer dette ikkje. Vitne i rapporten observerte verken røyk ellar flammar frå flyet. Ifølgje rapporten var det heller ikkje brann eller andre tekniske feil som førte til styrten.

Amerikanske myndigheiter har ikkje kome til ein endeleg konklusjon, men ei feilmanøvrering som ikkje vart retta opp raskt nok – vert peika på som ei truleg årsak.

Både Bloch og piloten omkom i ulukka. Studentane var tilknytt flyskulen Phoenix East Aviation (PEA). Ifølgje medstudentar var dei begge ordentlege og sikkerheitsorienterte personar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL