NRK Meny
Normal

Mann sklei ned frå isbre i Ørsta

Eit ambulansehelikopteret måtte søndag ettermiddag redde ein mann som sklei ned frå ein isbre ved Molladalen i Ørsta kommune.

Ambulansehelikopter UNN

Illustrasjonsfoto: Eit ambulansehelikopteret måtte søndag ettermiddag redde ein mann som sklei ned ein isbre ved Molladalen i Ørsta.

Foto: Luftambulansen ANS

Det var i totida søndag at Sunnmøre politidistrikt fekk melding om at ein mann skal ha sklidd nedover ein isbre i området ved Mohns topp i Molladalen, som ligg i Ørsta kommune på Sunnmøre.

Mannen vart frakta til intensiv avdeling ved Ålesund sjukehus med moderate skader, det opplyser Helse Møre og Romsdal. Han skal vere stabil.

Andre turgåarar varsla om ulukka

Politiet fekk melding om ulukka ca. klokka 14.00 søndag.

– Det var andre turgåarar i område som melde frå om at dei hadde sett ein mann skli ned isbreen, seier John Bratland, operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt.

Mannen var truleg aleine då ulukka skjedde.

Vart henta ut av ambulansepersonell

Ambulansehelikopteret var raskt framme på staden, og klokka 14.30 heldt dei på å hente ut mannen.

Molladalen trives i skitvær

MOLLADALEN: Der var i Molladalen at ein mann sklei ned får ein isbre ved Mohns topp.

Foto: Stein Conradsen

– Mannen skal ha sklidd om lag 200 meter frå ein topp og ned i ei steinur. Han henta av ambulansepersonell no, sa Bratland til NRK då.

Klokka 14.44 melder politiet at ambulansehelikopteret hadde kontroll på mannen ved Mohns topp. Eit Sea King helikopter som også vart sett inn i redningsaksjonen vart varsla og returnerte.

Laster kart, vennligst vent...

Søndag ettermiddag sklei ein mann nedover ein isbre i Molladalen i Ørsta kommune.