Hopp til innhold

Ulsteinhallen også for syklistar

Ulsteinhallen er heilt ny og både friidrett og handball har hatt sine offisielle opningar i den nye storstova, men no har også syklistane kome på bana.

Ulsteinhallen vert brukt av syklistar kvar søndag kveld.

Full aktivitet i Ulsteinhallen også for syklistar. Foto/redigering:ARNE FLATIN

Kjell Bjørn Hatlebakk

Kjell Bjørn Hatlebakk

Foto: Arne Flatin / NRK

– Etter som det er ein fleirbrukshall meinte vi det kunne vere på sin plass å spørje kommunen om ikkje også vi kunne bruke den, seier Kjell Bjørn Hatlebakk, som er leiar i Ulstein og omegn sykkelklubb.

– Eg trur kultursjefen vart litt i stuss då spørsmålet kom, men no har vi vore her to søndagskveldar på rad.

Og kultursjefen, det er Leif Ringstad. Han seier at det var to grunnar til at han stussa litt då spørsmålet kom frå sykkelentusiastane. Det eine handla om sikkerheit.

Eigne reglar

– Vi fann ut at det ikkje kan skje anna aktivitet dei gongene syklistane er der. Difor trenar dei då også søndagskveldane når det ikkje er nokon andre der. Det andre vi var litt usikre på var om sykkelbruken fekk konsekvensar for underlaget.

Kultursjefen sjekka difor opp med ein del andre. liknande hallar i landet, og fekk til svar at dette går heilt fint berre syklistane har med seg reine syklar inn i hallen, og så lenge ein unngår bremsing som kan setje merke på underlaget.

Då NRK var i hallen var det 20 syklistar, og dei mest ivrige hadde som mål å sykle så mykje som fem mil i hallen. Ettersom dette er ein friidrettshall med dosserte svingar eignar hallen seg også til sykling. Ein får nesten litt "velodromeffekt".

Iver Vattøy

Iver Vattøy. Talentfull syklist.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ein av dei unge syklistane som skal ta opp arven etter Martin Notøy Nevstad i sykkeklubben i Ulstein er Iver Vattøy. Han er elev ved idrettslinja på Ulstein vidaregåande skule som er storbrukar av Ulsteinhallen.

Det betyr at han har gode treningsforhold også i vintermånadene januar og februar som ikkje alltid er like innbydande på landevegen.

Vattøy set stor pris på at dei får sjansen til å bruke hallen på denne måten, og trur det gir han eit pluss i oppkøyringa til sesongen.

Iver Vattøy og Kjell Bjørn Hatlebakk

Iver Vattøy og Kjell Bjørn Hatlebakk.

Foto: Arne Flatin / NRK