Førebuingane til oppseiingane vil foregå til ut i april, og den enkelte som blir oppsagt skal få melding om dette så tidleg som mogleg. Målsettinga er at alle som må slutte skal vere varsla før 30. april.
Størst kutt i produksjonen
Det er hovudsakleg i produksjonen oppseiingane vil kome. I Ulsteinvik har dei i dag 209 tilsette. Dette skal reduserast til 130 etter nedbemanninga. I Vanylven blir over halvparten av dei tilsette ramma, ved at det blir nedbemanna frå 70 til 40 tilsette. Men også administrasjonen i bedrifta skal slankast med om lag 20 tilsette. Klubbformann Jan Helge Dyngeland er skuffa over at så mange må gå, og meiner at lokalsamfunnet vil merke ringverknadane. Administrerande direktør Gunvor Ulstein seier at dagen i dag er ein tung dag, men at endringa er ein konsekvens av at dei må bli meir fleksible og betre til å omstille seg.
Konkurransedyktige
Ulstein meiner at det ville ha vore vanskeleg å halde fram i dagens marknad med så mange tilsette som dei har i dag. Med ein mindre arbeidsstyrke vil det vere enklare for bedrifta å omstille seg seinare. Gunvor Ulstein meiner at Ulstein Verft er konkurransedyktige innan områda design, konstruksjon og prosjektgjennomføring. Saman med marknadsføring og sal er dette område som konsernet bør satse på i framtida. På same tid vil ho ta vare på tradisjonen og kompetansen verftet har som båtbyggarar.
Ordførar Jan Berset
Uroa ordførar
Ordføraren i Ulstein kommune, Jan Berset, meiner situasjonen i verftsnæringa er dramatisk. Næringslivet i Ulstein kommune er bygd opp rundt den maritime industrien med dei to store skipsverfta Ulstein og Kleven, i tillegg til Rolls Royce Marine. Ulstein vil no seie opp 130 tilsette, men også Kleven Verft har signalisert at det kan bli aktuelt å redusere arbeidsstyrken før sommaren dersom dei ikkje får fleire oppdrag.