Ulstein satsar på vindoffshore

Ulstein verft testar denne veka ut sitt aller første vindoffshoreskip til Siemens og til reiarlaget Bernhard Schulte Offshore. Verftet satsar på denne marknaden og dette er det første av to skip. Det andre skal leverast på nyåret i 2017.

Ulstein satsar på vindoffshore og har prøvetur med sitt første skip til Siemens denne veka. Båten er også utstyrt med x-sterndesignet.

I MOB-båt frå Hareid og ut til skipet som ligg på fjorden er det ikkje lange turen. Med sol frå klar og blå himmel er dette litt kontrast til det veret skipet ofte skal operere i. Nettopp for å gi skipet betre arbeidsvilkår er det utstyrt med ein x-stern. Ein slags x-bow i hekken.

Dette skal gjere det lettare å arbeide i rufsete ver, og hindre at bølgjene gjer arbeidsforholda vanskelege.

Vil bygge fleire

Prosjektleiar Lidvar Lillerovde seier til NRK at Ulstein gjerne vil bygge fleire av desse skipa og at vindoffshoremarknaden har kome meir og meir den siste tida.

Lidvar Lillerovde, Ulstein verft

Lidvar Lillerovde, Ulstein verft.

Foto: Arne Flatin / NRK

Prøveturskaptein Børge Andre Berg seier at dei ikkje får testa 100 prosent alle forhold så lenge dei ligg i ein sunnmørsfjord på sommarstid, men alle testar som er gjort viser at dette fartøyet skal kunne operere under vanskelege forhold.

Mikael Nielsen, Bernhard Schulte Offshore

Skipper Mikael Nielsen, Bernhard Schulte Offshore

Foto: Arne Flatin / NRK

Skipper Mikael Nielsen i reiarlaget Bernhard Schulte Offshore er svært tilfreds med fartøyet. Kvaliteten er tipp topp, og han ser fram til å kunne ta i bruk det nye skipet.

Reiarlaget har hatt 4-5 representantar om bord i skipet denne veka. Dei har fulgt med på testane og er tilfreds med det som har kome fram til no.

Fartøyet som enno ikkje har fått namn har vore på testtur sidan tysdag denne veka og reknar med å ha fått gjort unna alle testar av systema i løpet av kort tid.

Ulstein verft er allereie i gang med arbeidet på søsterskipet som skal leverast på nyåret, om eit snaut halvår

Børge Andre Berg, Ulstein verft

Børge Andre Berg, Ulstein verft

Foto: Arne Flatin / NRK