Hopp til innhold

Ulstein jaktar på nye kontrakter

Ulstein verft arbeider intenst for å skaffe nye kontraktar og håper å hale i land noko nytt om ikkje lenge.

Ulstein verft

Ulstein verft jobbar hardt for å vinne nye kontraktar i ein vanskeleg marknad.

Foto: Arne Flatin / NRK

Verftsdirektøren i Ulstein tek turen på kaia for å sjå nærare på vind-offshorefartøyet som nettopp har fått vatn under kjølen. Enno ein slik skal Ulstein bygge og levere i januar, men etter det er det tomt. Då har verftet levert den siste av to vind-offshorefartøy til Siemens.

Administrerande direktør ved Ulstein verft, Kristian Sætre, er open om at det er tøffe tider:

– Det er veldig stor konkurranse om oppdraga no. Difor er det ekstra viktig å kome ut med det beste designa, seier Sætre.

Vanskelege tider

I kantina på Ulstein verft står det ei lang rekke med modellar av skip som selskapet har levert opp gjennom åra, inkludert Hurtigruten. Men denne gongen nådde ikkje verftet opp i jakta på hurtigrutekontrakten. Den var det konkurrenten Kleven som fekk.

Administrerande direktør ved Ulstein verft, Kristian Sætre

Administrerande direktør ved Ulstein verft, Kristian Sætre, er open om at det er tøffe tider.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det å nå opp i ei konkurranse med elleve verft, både nasjonalt og internasjonalt, det er tøft. Og det kan berre bli ein vinnar, seier Sætre.

Ulstein har redusert talet på tilsette og har fleire i permittering i dei vanskelege tidene, noko verftsdirektøren gjerne skulle ha vore forutan.

– Det er klart at dagens situasjon ikkje er ønskeleg. Men vi berre må berre ta omsyn til den etter kvart som situasjonen endrar seg, seier Sætre.