Ulstein går av som leiar

Etter nesten 20 år som leiar for Island Offshore vel Håvard Ulstein å overlate roret til Tommy Walaunet. Dette skjer med verknad frå 1. september, men skiftet har vore planlagt lenge. – No ser vi pilene peikar oppover, og då kjenner eg at det er naturleg å overlate sjefsstolen til ein som vil sikre kontinuiteten i selskapet, seier Ulstein.

Håvard Ulstein og Tommy Walaunet, påtroppande administrerande direktør
Foto: Island Offshore