NRK Meny

Ulstein framleis med i MOT

Ulstein kommune og organisasjonen MOT har signert nye avtalar om vidare samarbeid for eit tryggare og varmare oppvekstsamfunn. Kommunen har vore «Lokalsamfunn med MOT» i seks år, medan Ulstein ungdomsskule har hatt programmet heilt sidan 2005. Ordførar Knut Erik Engh og regionleiar Jo Trønsdal Bævre frå MOT signerte avtalen i dag.

MOT-leiar og ordførar Knut Erik Engh saman med regionleiar Jo Trønsdal Bævre i MOT.
Foto: Marie Flatin