Hopp til innhold

Ulstein fekk ni poeng i årets fyrste Klassequiz

Ulstein ungdomsskule starta nyåret med ein god poengsum, då dei fekk ni av tolv poeng. Klassequizen er no i gang igjen.

Klassequiz

Tobias skavnes våge, Bendik Rolf Stokke, Oline sæverud Aksnes ved Ulstein ungdomsskule.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK

Det har vore juleferie for kunnskapskonkurransen for alle i 10. klasse, men no er Klassequizen i gang igjen.

I morgonsendinga til NRK Møre og Romsdal var det tre spente elevar som var klare: Tobias Skavnes Våge, Bendik Rolf Stokke, Oline Sæverud Aksnes.


Litt nervøse og spent skulle dei tre velje tre av fire kategoriar, og kjempe om ein plass i finalen.


– Vi har øvd litt med quiz før dagen i dag, seier Bendik før dei startar.

Visste svar på grunn av skuletur

Etter 12 spørsmål i kategoriane "Ting", "Arbeid" og "Heime", stod dei tre igjen med ni av tolv mogelege poeng.

– Det hadde vore kjempe kjekt å komme til finalen, seier Oline før dei byrjar.

I fyrste kategori "Ting gjetta elevane rett på dei tre fyrste spørsmåla, kor dei blant anna visste korleis ein rangerer domstolane etter nivå frå lågast til høgast. Men på det siste lokale spørsmålet om kva heiter mannen som er leiar for fylkestinget i Møre og Romsdal, svarte elevane blankt.

Oline Klassequiz

Oline Sæverud Aksnes ved Ulstein ungdomsskule.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK

I neste kategori trakk elevane kategorien"Arbeid". Der gjorde elevane det bra på dei to fyrste spørsmåla. På spørsmålet: Kva stod det over portane på fleire konsentrasjonsleirar under andre verdskrig? svarte elevane: Arbeit macht frei.

– Korleis viste dykk det?

– Vi var i Auschwitch haust, seier Oline.

På dei to siste spørsmåla svarte elevane feil, blant anna på spørsmålet om kven av desse oppfinningane er gjort i Møre og Romsdal? Binders – Tripp trapp – ostehøvel.

Full pott i siste runde

I tredje og siste runde, trakk elevane kategorien "Heime" og der fekk dei full pott med fire av fire riktige poeng.

Elevane visste blant anna svaret på: Dersom oddsen for ein heimesiger er 2,50, kor mykje blir utbetalt dersom det blir satsa 50 kroner og det blir gevinst?
Elevane svarte: 125 kroner, sjølv om dei seier dei ikkje har tippa noko enda.

Elevane fekk til saman 9 poeng, og seier dei ganske fornøgd med det.

Myklebust skule leiar Klassequizen i Møre og Romsdal med 11 poeng.

Sjå fasiten på spørsmåla her:

TING

1) Ranger domstolane etter nivå frå lågast til høgast: Høyesterett–Tingrett – Lagmannsrett
Elevane svarte: Tingrett – Lagmannsrett – Høyesterett
RETT SVAR: Tingrett – Lagmannsrett – Høyesterett

2) Kva heiter den vesle flygande venninna til Peter Pan?
Elevane svarte: Tingeling
RETT SVAR: Tingeling

3) I kva for eit land heiter nasjonalforsamlinga Alltinget?
Elevane svarte: Island
RETT SVAR: Island

4) Kva heiter mannen som er leiar for fylkestinget i Møre og Romsdal?
Elevane svarte: Blankt
RETT SVAR: Jon Aasen


ARBEID

1) Kva for eit yrke har ein «plumber»?
Elevane svarte: Røyrleggar
RETT SVAR: Røyrleggar

2) Kva stod det over portane på fleire konsentrasjonsleirar under andre verdskrig?
Elevane svarte: Arbeit macht frei/Arbeid gjer fri
RETT SVAR: Arbeit macht frei/Arbeid gjer fri

3) Kven blei arbeidsminister i Norge i september i fjor?
Trond Giske – Lars Peder Brekk – Anniken Huitfeldt
Elevane svarte: Lars Peder Brekk
RETT SVAR: Anniken Huitfeldt

4) Kven av desse oppfinningane er gjort i Møre og Romsdal? Binders – Tripp trapp – Ostehøvel
Elevane svarte: Binders
RETT SVAR: Tripp trapp

HEIME

1) Kva for eit fotballag spelar heimekampar på White Hart Lane?
Elevane svarte: Tottenham
RETT SVAR: Tottenham

2) Dersom oddsen for ein heimesiger er 2,50, kor mjuke blir utbetalt dersom det blir satsa 50 kroner og det blir gevinst?
Elevane svarte: 125 kroner
RETT SVAR: 125 kroner

3) I kva for eit land brukast ordet «casa» for heim? Spania–Frankrike- Tyrkia
Elevane svarte: Spania
RETT SVAR: Spania

4) Kva heiter den kjende stolen som blir produsert på Ekornes-fabrikken i Sykkylven?
Elevane svarte: Stress-less
RETT SVAR: Stress-less

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.